USAs utanriksminister Colin Powell har planar om å reise til Syria for å prøve å betre det kjølege forholdet mellom dei to landa.
Av
Bent J. Tandstad
Colin Powell vil drøfte dei amerikanske skuldingane om at landet utviklar kjemiske våpen med dei syriske leiarane. USA har også skulda Syria for å gi opphald til ettersøkte irakiske leiarar.
|
USAs utenriksminister Colin Powell har planar om å reise til Syria. (Reuters-foto) |
Det er uklart når Powell vil reise til Syria, men avisa Washington Post skriv at det mest truleg vil skje i samband med ein rundtur i Midtausten for å prøve å blåse nytt liv fredsprosessen melom Israel og palesinarane.
Krysse grensa
Samstundes skriv den britiske avisa The Times i dag at amerikanske soldatar kan få ordre om å krysse grensa til Syria for avgrensa aksjonar dersom det kjem fram truverdig informasjon om at Saddam Hussein kan opphalde seg i landet.
I utgangspunktet har soldatane som jaktar på medlemer av det avsette regimet i Irak fått ordre om å halde seg unna syrisk territorium. Ein høgtståande offiser ved den amerikanske sentralkommandoen i Qatar seier til The Times at det vil bli gjort unntak frå denne ordren dersom ting skulle tyde på at Saddam Hussein er på den syriske sida av grensa.
USA meiner at Folkeretten gir høve til å krysse grensa til andre land i jakt på terroristar. Ein britisk offiser som The Times også har snakka med seier at det ligg i Folkeretten sin natur at ein ikkje skal krysse eit anna land sine grenser på ulovleg vis.
Palestinske grupper
Det har ikkje kome offisielle amerikanske reaksjonar på artikkelen i The Times.
Ei talskvinne for syriske styresmakter seier at landet vil samarbeide med USA, men at det ikkje er aktuelt å stengje kontora til palestinske grupper som er i landet.