skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Snart irakisk overgangsregjering

Den sivile administratoren for Irak, Jay Garner, trur ei irakisk interrimregjering kan vere på plass i løpet av eit par veker.

Publisert 05.05.2003 08:42. Oppdatert 05.05.2003 09:01.
Av Bent J. Tandstad

- Innan midten av mai trur eg vi får sjå konturane av ei irakisk regjering som skal samarbeide med koalisjonen, sa Jay Garner i dag tidleg. Han reknar med at ni ulike irakiske grupper vil vere representert i regjeringa.
Den pensjonerte generalen Jay Garner leier den sivile administrasjonen av Irak. (Reuters-foto)


Den pensjonerte amerikanske generalen har tru på at Ahmed Chalabim, leiaren av Den irakiske nasjonalkongessen, vil delta i overgangsregjeringa. Det vil også representantar for dei to kurdiske gruppene i Nord-Irak og medlemer av ulike islamske grupper.

Ein av regjeringsmedlemene vil truleg bli broren til leiaren Det øvste rådet for islamsk revolusjon i Irak. Garner ynskjker også at den kristne minoriteten i landet får ein representant i overgangsregjeringa.

Mange irakarar er rasande på dei amerikanske styrkane fordi det framleis ikkje er oppretta skikkeleg ro og orden i landet, sjølv om det no er fleire veker sidan regimet til Saddam Hussein vart styrta. Å få på plass ei ordensmakt som kan fungere blir ei av dei første og største utfordringane den nye overgangsregjeringa vil få.


 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no