- USA og Storbritannia må ikkje få all makt åleine når framtida til Irak no skal avgjerast, seier leiar i utanrikskomiteen på Stortinget, Thorbjørn Jagland.
Av Marit Kolberg og
Tor Helge Haugland
|
Thorbjørn Jagland meiner det er viktig at FN får ei sentral rolle i Irak. (Foto: Scanpix) |
Tryggingsrådet i FN drøftar i kveld eit amerikansk forslag om å oppheve FN-sanksjonane mot Irak, og la USA overta kontrollen av oljeressursane i landet i minst eitt år.
Jagland meiner det er viktig at FN får ei sentral rolle i Irak.
- FN bør insistere på å spele ei rolle når framtida til Irak skal fastleggjast, og ikkje overlate all makt til USA og Storbritannia, meiner Jagland.
Han seier at ein må godta at okkupasjonsmaktene USA og Storbritannia har ei rolle å spele, også i forhold til folkeretten, men at det er viktig at også FN får ei sentral rolle.
Jagland meiner det ikkje er rett å gå med på at USA og Storbritannia tek heile kontrollen utan at dette har ein legitimitet i det internasjonale samfunnet.
- Kva rolle FN skal ha får bli opp til forhandlingar i Tryggingsrådet. Det ligg i deira hender kva som skal skje, og ein må håpe at dei blir samde, for elles vil det bli slik at USA og Storbritannia bestemmer alt, seier Jagland.