skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Bombe mot sjia-hovudkvarter

Ein kraftig eksplosjon skaka hovudkvarteret til det største sjiamuslimske partiet i Irak i natt. Minst ein person er drepen, og minst åtte er skadde.

Publisert 19.12.2003 08:37. Oppdatert 19.12.2003 11:20.
Ein liten gut i ruinane av det som ein gong var SCIRI-hovudkvarteret i Bagdad. (Foto: Reuters-Scanpix)

Denne vesle guten miste mor si i eksplosjonen og vart sjølv skadd. (Foto: AP-Scanpix)


Av Bent J. Tandstad

Eksplosjonen inntraff like før klokka tre i natt norsk tid norsk tid i hovudkvarteret til den sjiammuslimske gruppa SCIRI (Supreme Council of the Islamic Revolution in Irac) i Al Jihad-bydelen i det vestlege Bagdad.

Leiaren for gruppa, Mhsen Al Hakim, ein nevø av leiaren for organisasjonen, Abdel Aziz Al Hakim, seier at tre familiar budde i huset, og at ei kvinne vart drepen. Borna hennar vat blant dei skadde. Han opplyser at ei bombe vart detonert ved hjelp av fjernkontroll.

- Dette er verket til agentar for det gamle regimet og terroristar, seier han.

Ein nevæ av den drepne kvinna seier at han vakna av ein kraftig smell, og så kom taket ramlande ned i hovudet på han.

SCIRI er også tidlegare hardt råka av bomber. I august miste 83 menneske livet i ein sjølvmordsaksjon mot hovudkvarteret i den heilage byen Najaf. Blant offera var leiaren for SCIRI, Mohammad Bakr Al Hakim.

Den amerikanske administrasjonen eller den amerikanske hæren har førebels ikkje kommentert hendinga.

Denne kvinna fekk heimen sin øydelagd i eksplosjonen. (Foto: Reuters-Scanpix)



Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no