Dei første av fleire hundre fangar frå Abu Ghraib-fengselet vart sette fri i dag, ein dag etter at USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld vitja fengselet.
|
Abu Ghraib-fengselet har vore åstad for mishandling av fangar. |
USA har lovd å redusere talet på fangar til mellom 1500 og 2000 innan utgangen av juni. Tidlegare denne veka sat det rundt 3800 fangar i det illgjetne fengselet utanfor Bagdad.
Bilete av mishandling av irakiske fangar har gått verda rundt, og har ført til kraftig fordømming og kritikk frå verdssamfunnet.
300 fangar skal setjast fri i løpet av dagen, opplyser den amerikanske okkupasjonsstyrken.