Den sjiamuslimske samanslutninga United Iraqi Alliance (UIA) fekk 47,6 prosent av røystene i valet i Irak. Sigersmarginen var mindre enn venta.
Av
Tor Helge Haugland
Frammøtet i valet var på 58 prosent av dei røysteføre, opplyser valkommisjonen, som i dag offentleggjorde oppteljingsresultata etter valet for to veker sidan.
Koalisjonen av dei to største kurdiske partia fekk 25,4 prosent av røystene, medan blokka til den mellombels statsministeren, Iyad Allawi, oppnådde 13,6 prosent.
Boikott
Mange sunni-muslimar boikotta valet. I den sunni-dominerte Anbar-provinsen var frammøtet på berre 2 prosent.
|
13,6 PROSENT: Blokka til mellombela statsminister Iyad Allawi fekk 13,6 pst av røystene. (Foto: AFP / Scanpix) |
Det var venta at sjia-samanslutninga UIA skulle få minst halvparten av røystene.
Tidlegare i dag hevda ei anonym kjelde i alliansen at dei hadde fått 60 prosent av røystene i valet, men dette viste seg å ikkje stemme.
Ikkje fleirtal
Med under 50 prosent, oppnår ikkje allisansen reint fleirtal i nasjonalforamlinga.
UIA ligg no an til å ta 130 av dei 275 plassane i forsamlinga, og vil dermed magle rundt åtte plassar på reint fleirtal.
Den kurdiske alliansen ligg an til å ta rundt 69 plassar, medan Allawi-blokka kan få 37, skriv telegrambyrået Reuters.