75 opprørarar er drepne i dei 24 første timane av ein amerikansk offensiv i Anbar-provinsen i Irak, heiter det i eit amerikansk militært kommuniké.
Av
Bent J. Tandstad
Den militære offensiven rettar seg mot islamistiske opprørarar og utanlandske krigarar i Anbar-provinsen, nær grensa mot Syria, blir det opplyst.
Det blir brukt både bakkestyrkar og fly i offensiven. Det skal vere fleire utlendingar blant dei drepne, melder det amerikanske forsvaret.
|
Ein irakisk mann ser på restane av bilen ein sjølvmordsaksjonist sprengde i lufta i Bagdad i dag. Minst fire menneske vart drepne. (Foto: AP/Scanpix) |
Det går føre seg harde kampar i Jazira-ørkenen nord for elva Eufrat, eit område dei amerikanske styrkane seier blir brukt som smuglarrrute og gøymestad for utanlandske krigarar.
I Bagdad vart minst tre irakiske politimenn drepne, og åtte vart skadde i ein sjølvmordsaksjon i dag. Ein mann sprengde bilen sin, som var fullasta med sprengstoff, i lufta.
Eksplosjonen var så kraftig at fleire bygningar i området vart øydelagde.
Den amerikanske avisa Washington Post skriv i dag at dei amerikanske styrkane i Irak no fokuserer meir på irakiske ekstremistar og utanlandske krigarar, og ikkje så mykje på til hengjararane av det avsette regimet til Saddam Hussein.
Årsaka er den kraftige auken i talet på sjølvmordsangrep, som det amerikanske forsvaret meiner blir utførde av islamistiske grupper. (NRK-AFP)