skillePodkastingskille_slutt
Toppbanner Irak-konflikten 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Irak-konflikten Sist oppdatert 22:50
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

- Algeriske diplomatar drepne

Al Qaida i Irak seier dei har teke livet av dei to irakiske diplomatane dei bortførte sist veke, Ali Belaroussi og Azzedine Belkadi.

Publisert 27.07.2005 16:02. Oppdatert 27.07.2005 16:10.
Av Bent J. Tandstad

Al Qaida i Irak seier dei har teke livet av Azzedine Belkadi. (Scanpix-foto)
Meldinga frå Al Qaida si avdeling i Irak vart lagt ut på ei islamistisk nettside i ettermiddag. I går vart det lagt ut ei melding på same nettsida om at dei to skulle drepast, saman med ein video av dei to diplomatane.

I går stod dette å lese på nettsida: Den rettferdige domstolen til organisasjonen Al Qaida i Irak har dømd dei diplomatiske utsendingane til den fråfalne algeriske regjeringa til døden

Dette er lagnaden til alle ambassadørar og utsendingar frå alle vantru regjeringar, heitte det vidare.

Al Qaida i Irak bortførte og drap tidlegare denne månaden den egyptiske utsendinga til Irak, Ihab el-Sherif.

Al Qaida seier dei har teke livet av Ali Belaroussi. (Scanpix-foto)
I tillegg står gruppa bak mislukka attentat på dei diplomatiske utsendingane frå Pakistan og Bahrain.

Fleire land, blant dei Algerie, har no sendt alle sine diplomatar heim frå Irak.

Al Qaida i Irak blir leidd av den illgjetne jordanskfødde Musab al-Zarkawi, som har stått bak fleire av dei verste terrorangrepa i Irak. (NRK-Reuters)






Siste saker:

 
Interaktivt kart 181 (artikkelside)
5 SISTE NYHETER
5 SISTE UTENRIKS
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no