Høgre slår hardt tilbake etter påstandane frå valforskar Frank Aarebrot i går om at Høgre lurar veljarane, når dei ikkje kan lova at Herman Friele blir ordførar. - Høgre driv slett ikkje noko narrespel, seier byrådsleiarkandidat Monica Mæland.
Av
Steinar Nedkvitne og
Ole Friele jr.
- Det er heilt utruleg å få slike påstandar servert. Særleg Aarebrot burde vite at det er ingen av partia som går til val i Bergen som kan garantera noko som helst før veljarene har sagt sitt. Utan at Høgre får reint fleirtal i bystyret, så tør ikkje me å garantere noko som helst, seier Mæland til NRK Hordaland.
Det var direkte på radio i går at den kjende valforskaren skulda Høgre for narrespel.
Gallionsfigur
Grunnen skulle vera at mange ikkje har fått med seg at ordføraren har vorte ein gallionsfigur, og at makta ligg hjå byrådsleiaren.
- I forhold til desse veljarene, så vil jo dette framstå som det reinaste veljarbedrag, sa Aarebrot mellom anna.
- Vi driv ikkje noko narrespel. Herman Friele står på 1. plassen på høgreslista, og vi kjem til å slåss for å få han som ordførar. Men vi kjem ikkje til å gje frå oss forhandlingskort når det gjeld sjansen til å kome i byråd, seier byrådsleiarkandidat Monica Mæland.
Mistolka
Bakgrunnen for rabalderet var at Mæland i går sa at posisjonane ikkje skulle fordelast før etter valet.
Dette blei ifølgje Mæland mistolka.
For ho vil ikkje gje garantiar for at Friele får ordførarvervet sjølv om Høgre og Frp får fleirtal.
- Me er opptatt av å få til eit ordførarskifte og eit byrådsskifte i Bergen, og det er sjølvsagt lov å ha to tankar i hovudet samtidig, seier Mæland.