Norsk Rikskringkasting sette tidleg på 1970-talet ned eit utval leia av Sverre Smeland, som skulle greie ut utbygging av nærradio i NRK-regi kringom i landet.
Lokalkontor først
I 1974 gjorde NRK vedtak om skiping av eit lokalkontor i Førde, og gjorde samstundes prinsippvedtak om at Sogn og Fjordane skulle få sitt eige distriktskontor. Samstundes vart heile Sogn og Fjordane mellombels samla under distriktskontoret i Bergen sitt programdistrikt. Fram til då hadde Nordfjord fått programma frå kontoret i Ålesund (populært kalla Vigra lokal), og Sunnfjord og Sogn høyrde på sendingane frå Bergen.
Hausten 1975 vart Ottar Starheim tilsett som styrar for lokalkontoret, som våren 1976 kunne flytte inn som første leigetakar i det nye Førdehuset. Kontoret knytte til seg eit nett med kontaktmedarbeidarar over heile fylket, og i samband med stortingsvalet hausten 1977 starta lokalkontoret eigne sendingar frå studio i Førdehuset.
|
Tilsette i 1979. Frå v: Reidun Bergheim, Stein Heide, Jostein Nyfløtt, Alf Jørgen Tyssing, Ingeborg Hafstad, Hugleik Nordvik, Mathias Stang, Kjell Arvid Stølen, Inge Kjell Holme og Ottar Starheim. |
Eige distriktskontor
Distriktskontoret for Sogn og Fjordane vart offisielt opna i nybygde lokale i Førde sentrum i 1979. Frå starten kunne kontoret tilby daglege ettermiddagssendingar frå måndag-fredag, i tillegg til lokalsport sundags kveld. Lokalradioen hadde liten ekspansjon elles på 1980-talet p.g.a. stillingsstopp i NRK. Først i 1988 kunne distriktskontoret avvikle ordninga med fellessendingar ved Bergen. Då kom daglege morgonsendingar på lufta. I 1993 gjekk NRK over til tre radiokanalar, og det gav vel fem timar sendetid i P1 til distriktskontora. Radiosendingane har sidan den tid hatt jamt over 50 prosent oppslutning i Sogn og Fjordane. Lokalradioen er det einaste fylkesdekkjande mediet.
|
Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK. |
Vestlandsrevyen først i landet
Distriktskontoret fekk eige fjernsynslag og TV-utstyr i 1983. Saman med NRK Hordaland var NRK Sogn og Fjordane pionerar på distrktsfjernsyn; Vestlandsrevyen vart starta i 1991 som den første regionale TV-sendinga i NRK-regi i landet. I samband med fjernsynssatsninga vart NRK-huset i Førde utvida, og Vestlandsrevyen fekk raskt stor oppslutnad i Sogn og Fjordane.
Lokalkontor og internett
I 1981 fekk distriktskontoret lokalkontor på Hermansverk. Kontoret flytta til Sogndal i 2000. Lokalkontoret på Nordfjordeid vart opna i 1991, og flytta i 2002 til Måløy.
NRK Sogn og Fjordane byrja med nyhende på internett i 1996, og har gradvis bygt ut tilbodet. Lanserte m.a. Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane i 2001.
Tilsette
NRK Sogn og Fjordane hadde i 2003 41
|
I 2003 var det 42 tilsette ved NRK Sogn og Fjordane. (Foto: NRK) |
tilsette. Distriktssjef 1978-1990 var Ottar Starheim, Magni Øvrebotten var distriktsredaktør frå 1990-2004, og Kai Aage Pedersen frå 2004.
Nynorsk mediesenter
Styret i NRK vedtok i 2003 å skipe eit nynorsk kompetansesenter knytt til distriktskontoret i Sogn og Fjordane for å utdanne nynorskbrukande journalistar til radio, fjernsyn og internett. Nynorsk mediesenter opna i september 2004 med Magni Øvrebotten (Sjå
Kjende personar i Bremanger) som leiar.
|
Reporter Marion Solheim avviklar nyheitsbulletinar på radio. (Foto: NRK) |