Claus Hansen
frå Bergen starta kring 1860 landhandel i Naustdal, og fekk løyve til å selje brennevin.
Torbjørn Litleré
frå Voss starta i 1872 landhandel i Naustdal. Truleg var Litleré ein av dei mange skreppekarane frå Vosse-traktene som reiste på handel i fjordafylket, og som seinare busette seg og etablerte fast landhandel (sjå m.a. Ivar Hylderaas under
Landhandlar i Jølster). I bygget vart det også drive bakeri og pensjonat. Butikken var i drift til 1970.
I 1886 starta sonen til Torbjørn,
Mons Litleré, Norskmaalets Bokhandel i Naustdal. Før han flytta til Bergen, heldt han til i faren sitt forretningsbygg i Naustdal.
Johan Jonstad
starta 1880-talet landhandel i Naustdal saman med svogeren Olai Horstad. Jonstad bygde i 1895 eigen butikk, og då han døydde, dreiv enkja Ragnhild butikken vidare til 1928, då sønene tok over under firmanamn Brødrene Horstad. Dottera Sara dreiv også kafé i Naustdal.
Per Hansson
dreiv kring 1900 landhandel og bakeri i Naustdal nokre år.
|
Samyrkelaget sin butikk i Midtredalen. |
Naustdal Handelslag
vart starta i 1910 på Kalland i Naustedalen. Laget var medlem av Norges Kooperative Landsforening, og vart tidleg på 1980-talet slege saman med
Naustdal Samyrkelag, og vidare med
Førde Samyrkelag i 1993.
Ottar og Sofia Molnes
starta i 1926 landhandel på Helle, og tok då over ei forretning som hadde vore drive der ei tid av Gabriel Vatne. Nedlagd i 1972.
Nyheims Landhandel
vart starta på Horstad i 1929 av Torfinn Nyheim, og var landhandelen for dalen mellom Naustdal og Kalland fram til 1993.
Lyder Kvellestad
starta kring 1930 landhandel på Kvellestad i Vevring. Butikken avvikla like før krigen. Også Hanna Førland dreiv kring 1930 landhandel på Kvellestad.