Fornfunn
Dei eldste fornfunn i Årdal skriv seg frå veidefolk i fjellet i yngre steinalder. I 1933 vart det funne ein spydspiss ved Tyin, og i same området vart det ved utgravingar i 1960-åra funne ein mengd buplassar. Både i Øvre Årdal og på Årdalstangen er det funne klubber, steinøkser og spydspissar frå yngre steinalder.
Bronsealderen
Frå bronsealderen (1500-500 f.Kr.) er det berre eitt funn, ein spydspiss frå Seimsdalen.
Skrivarhelleren
I nyare tid er det gjort viktige funn frå yngre steinalder, bronsealder og jernalder i Skrivarhelleren som ligg i Tyedalen. Reidskapsfunna fortel at helleren har vore i bruk i samband med jakt og veiding og til ei slags form for seterdrift.
Dyregraver og bogestelle
Reinen har vore det viktigaste viltet for Årdalsbygdene heilt frå den første busetjinga. Mykje tyder på at folkesetjinga av Noreg etter istida ikkje berre fylgde kysten nordover, men også kom med veidefolk som fylgde reinsflokkane over fjellviddene og busette seg i dei indre fjordstroka. I fjellet kring Årdal er det mange merke etter ledemurar, bogestelle og dyregraver. Mange dyregraver var i bruk heilt til jaktlova av 1899 sette forbod mot slik fangst.
Eit av dei største og mest komplette funn av eit gardsanlegg frå vikingtida (800-900 e. Kr.) som er gjort i Noreg, er gjort på terrassane på Ytre Moa i Øvre Årdal.
Huldreduken frå Ve
Det finaste klenodiet av kvinneleg husflidsarbeid frå Årdal er Huldreduken frå garden Ve i Øvre Årdal. Ved sida av eit par andre arbeid frå Trøndelag og Lom, skal Huldreduken frå Ve vere eit av dei få bevarte broderia frå norsk middelalder. Duken er no 4 meter lang, men har truleg vore lengre. Mønsteret er sett saman av 6 breie border på tvers av duken. Duken er brodert i smettesaum og er frå kring år 1400. Huldreduken var truleg brukt som veggpryd den første tida, og seinare også som bordduk.