Midt på 1600-talet er det to sagbruk i Ofredal, og ein av dei som eigde skog og dreiv sag var presten Christen Ålborg i Lærdal ca. 1650. Frå same tid vart det hogge "spirar" - d.v.s. mastreskog i Ofredal. Når mastefurene skulle til sjøs, var opptil 25 mann med på "spiredraging". Vanleg tømmer vart fløyta i elva ned til fjorden og sagbruket.
Den beste skogen var på 1600- og 1700-talet eigd av dei rikaste slektene i indre Sogn, og familienamn som Heiberg, Nagel og Ørbech går att i matrikkelen. Då
Årdal Koparverk starta i 1702, hadde det trong for store mengder trekol til malmsmeltinga.
Verket fekk m.a. hand om store skogvidder i Ofredal og i Vettismorki. Frå Vettismorki vart tømmeret fløytt utfor Vettisfossen og vidare ned Utla til smeltehytta på Farnes i Øvre Årdal. Mykje av skogane som koparverket rådde over vart i 1771 og i ti-åra etter selde. På nytt er det "pengefolk" frå slekter som von Krogh, Fasmer, Kramer og Falch som eig Årdals-skogen. Løytnant Melchoir Falch dreiv store sagbruk både i Ofredal og i Kvitingsmorki på sørsida kring 1800.
Men i den avsides Vettismorki fekk den storvaksne furuskogen stå urørd frå 1734 til kring 1855. Då tok
Endre Offerdal opp att skogsdrifta, og dreiv fram til 1890.
I "Morki" arbeidde 5-6 mann kvar vinter. Tømmeret drog dei på kjelkar fram til Vettisfossen. Der dei slepte det utfor gjennom ei trerenne som hindra at tømmeret vart slege sund mot berget. Om våren vart tømmeret fløytt ned elva og frakta til saga i Ofredal. Det vert fortalt at furutrea i Vettismorki kunne måle opptil 5,60 meter rundt stammen.
|
Indre Ofredal i 1988. |
Sjølv om oppgangssaga i Ofredal var den største i mils omkrins, måtte dei største stokkane frå Vettismorki kløyvast i fire før saga rådde med dei. På saga i Ofredal arbeidde jamnt 4 mann, men nokre år vart det drive med 7 mann og to skift. Endre Offerdal eigde også 3 jekter som m.a. vart brukt til transport av skurlasta til marknaden i Bergen. Det vart også eksportert skurlast frå Ofredal til Nederland.
Ofredalseigedomen er dei siste åra restaurert, og planen er å ta vare på både sag og mølle som museum.