Førre side:
·
Kjende personar i Årdal fødde år 1600-1850
(1851-1929) frå Kragerø, busett i Oslo. Skipsreiar, fossekjøpar og industrimann.
Jens Davidson
f. 1854 frå Ve. Utdanna seg som skreddar før han i 1872 reiste til Amerika saman med resten av familien. Han skipa eiga skreddarforretning i Soldiers Grove, og vart guvernør i staten Wisconsin i 1904.
Ola Eivindson Hjelle
(1855-1917) frå Øvre Årdal. Arbeidde som omreisande skreddar og fehandlar. Kjend som ein særs god folkedansar.
(1855-1938) frå Ofredal. Husmannsson frå Kleivi og bror til Ole Offerdahl. Apotekar, og rekna som "margarinens far".
(1857-1930) frå Ofredal. Husmannsson frå Kleivi, og bror til Helge Thomassen Offerdahl. Utdanna lærar og prest, og den første norske katolske biskop etter reformasjonen.
(1858-1926) frå Årdal. Jurist, fossekjøpar og Høgre-politikar.
frå Bergen. Ingeniør, industrimann og fossekjøpar.
Olav Dominikusson Bjørkum
(1859-1936) frå Bjørkum i Naddvik. Lærar, bonde og Venstre-politikar. Eksamen frå Stord lærarskule 1879, lærar 1880-1982, og sidan bonde. Medlem av Årdal kommunestyre og ordførar nokre år. Vararepresentant til Stortinget 1900-1903.
(1866-1929) frå Asker, busett i Skien og seinare Arendal og Oslo. Fossekjøpar og industrimann som spela ei av dei sentrale rollene i Noreg i dei første åra då fossekrafta vart utnytta til bygging av ny industri.
(1866-1950) frå Eldegard. Skodespelar og forfattar.
Olav Eldegard
(1876-1947) frå Eldegard. Bonde og spelemann. Son av den kjende spelemannen
Sjur Ingebrigtson Eldegard. Etter ei tid som orkestermusikar i Amerika, slo han seg til på Hafslo. Han vart kjend som ein av dei fremste spelemennene i Sogn i første halvdel av 1900-talet.
Otmar Egenæs
f. 1876 i Oslo. Utdanna ingeniør i Oslo og Dresden, og overingeniør og byggjeleiar på Tyin-anlegga 1910-1934. Han var kjend under kallenamnet "Drivaren" fordi han dreiv arbeidarane svært hardt.
(1877-1928) frå Øvre Årdal. Bonde og Venstre-politikar.
(1889-1972) frå Hafslo. Industriarbeidar og politikar, busett i Øvre Årdal.
(1892-1974) frå Øvre Årdal. Lærar, rektor og lokalhistorikar.
(1893–1962) frå Øvre Årdal. Bonde og folkemusikar
(1894-1978) frå Horten. Generaldirektør i Årdal og Sundal Verk.
(1896-1969). Arbeidarparti-politikar.