Ulf var son til lensmann
Arnoldus Hess Lem som budde på Trollebø ved Deknepollen.
Etter læretid og handelspraksis m.a. hjå slektningar i Luster og i Bergen, starta Ulf Lem i 1882 handel på Skram (no Måløy sentrum).
Han gifta seg med Sofie Cappelen som var dotter til den første distriktslegen i ytre Nordfjord,
Johan Nicolay Cappelen, som også var ein aktiv og framsynt forretningsmann i Vågsøy på denne tida.
Ulf Lem bygde etter kvart ut eit stort handelshus med m.a. dampskipskai (første hurtigrutekaia) og import og eksportforretning, og vert rekna som ”gudfar” og grunnleggjaren av Måløy som ein framsynt og eksport-orientert fiskeriby. Dei fleste handelsmenn og eksportørar som starta for seg sjølv i åra kring 1. verdskrig, hadde vore i teneste hjå Ulf Lem.
|
Ulf Lem si sjøbud i Måløy i 1900. (Foto © Fylkesarkivet) |
Kring 1885 skaffa han den første store bankskøyta til Måløy, og i 1899 kjøpte han fiskedampskipet ”Ruth”. I oppgangstida kring første verdskrig auka Ulf Lem formua si til 520.000 kroner! Ulf Lem sine eigedomar gjekk i 1928 over til Johannes Myrestrand (sjå J. Myrestrand under "
Fiskeriverksemder i Vågsøy")).