Då det enorme
Svanøy-godset vart lagt ut for auksjon i 1727, vart mange gardar i Gaular kjøpte opp av reine jordspekulantar. Slik sikra eigaren i Osen, Rasmus Boe seg Sveen, der det frå gamalt av hadde vore gjestgiveri.
|
Foto: Lars Nes. Frå Dalsfjordboka, Skald Forlag |
Birkedommaren på Sveen
Ein av dei som budde på Sveen, var "birkedommar" Ludvig Rennord. Den spesielle ordninga ved birkedommar (sjå "
Futesete og adelsgods på Svanøy") levde side om side med sorenskrivarembetet i Sunnfjord heilt fram til 1821, og hadde utspringet sitt i privilegiar knytt til Svanøy-godset. Ludvig Rennord var knytt til
Osen gard inne i bukta gjennom giftarmål med Marie Storm, som var syster til major Ulrich Friedrich von Storm.
Etter at Rennord-perioden på Sveen var ute i 1817, skifta eigedomen eigarar eit par gonger fram til 1845, då
Anders Daae frå preste- og offisersslekta i Sogn kom inn og fekk rett til å drive handel i Sveen.
Dampskipskaia
Frå 1858 vart Sveen endestopp for Fylkesbaat-ruta på Dalsfjorden. I 1906 kjøpte fabrikkareigar og handelsmann Ola A. Lunde Sveen og vart dampskipsekspeditør (sjå "
Gründeren O. A. Lunde").
|
Hestesjå på kaia på Sveen. I bakgrunnen er krambua til Øvrebø. (Foto © Fylkesarkivet) |
Hestesjå på kaia på Sveen. I bakgrunnen er krambua til Øvrebø. (Foto © Fylkesarkivet)