Derfrå vart feet frakta med båt til Lærdal, Aurland, Flåm eller Vik. Når feet vart ført med båt innover fjorden, var det ikkje uvanleg at flokkane vart sette i land i spesielle hamnehagar for å beite. Desse hamnehagane for fedrifter låg i Borlaugskroken aust for Feios, og ved Njøsaholten på nordsida (sjå "
Samferdsle i Leikanger").
Fedrifter som vart sette i land i Vik, vart drivne over Vikafjellet til Hallingdal etter ruta Bøadalen-Myrkdalen-Årmot-Steinset-Haug-Brandsetdalen-Oppset-Vossaskaret-Grøndalane-Hallingskeid, og derfrå vidare til Austlandet.
I Vik var det fleire kjende hestehandlarar - m.a. Ola O. Stadheim, Ola J. Tryti og broren Per J. Tryti, Ola O. Stadheim, Knut Grønsberg, far og son Ola og Anders Valsvik, Ola Persson Midlang og sønene Per, Jon, Ivar og Ingvald, og eit par karar som seinare flytta over fjorden til Sværen og Vetlefjorden: Markus Sjurson Hove (Ulvestad) og Nils Åfedt (Sværen).
Skysstasjonar
Det offentlege skyssvesenet med skyssplikt av embetsmenn vart skipa i 1648. Både i Vik og Feios var det skysstasjonar. Skysskaffaren organiserte rorskarar. Skysstasjonen i Vik vart avvikla i 1909.