Vik var ei av dei første kommunane i landet som innførte ni-årig skule.
Sjå også "
Skular i Stryn" og "
Skular i Fjaler".
I 1959 vart det sett ned ei plannemnd. Same året tok kommunen i bruk den nye Flatbygdi skule. I 1960 starta kommunen forsøk med linedelt ungdomsskule - med 6+3-ordning for elevar som sokna til skulen i Vik, og 7+2-ordning for elevane som sokna til skulen i Arnafjord. Før bygdene vestanfor fekk vegutløysing til Vik (sjå "
Køyrevegar i Vik"), måtte elevane derfrå bu på hybel i Vik.
Skulen vart gjort obligatorisk frå hausten 1961. Elevar frå Vangsnes, som fram til kommunereguleringa i 1964 høyrde til Balestrand, fekk gå på ungdomsskulen i Vik frå starten. Straks kommunereguleringa var eit faktum i 1964, vedtok Vik kommunestyre og leggje ned skulen på Vangsnes og flytte elevane der over til Vik. Bygda likte dette ille, og i 1985 fekk Vangsnes ny barneskule kombinert med grendahus og bibliotek.
Ungdomsskulen for heile Vik kommune vart samla då nybygg ved Flatbygdi skule vart teke i bruk i 1966. Både Feios og Fresvik skular har ungdomstrinn.
I Framfjorden vart det bygd ny barneskule i 1966, men elevtalet gjekk mykje tilbake, og var nede på 8 elevar i 2001. Frå 2000 har ein del av bygninga vorte nytta til barnehage, bibliotek, kontor for Arnafjord Bygdeutvikling og for vaksenopplæring for framandspråklege elevar.