|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Vik: Bjørnen jaga kone i Fresvik | (Illustrasjon) |
På 1600-talet vart ei kvinne i Fresvik jaga av bjørn då ho var på veg ned frå stølen. Ho sprang for livet, men bjørnen tok innpå. Kona gjekk med barn, men greidde å få av seg stakken og leggje den att. Bjørnen stoppa ved stakken, og kona berga seg. Publisert 31.07.2002 09:16. Oppdatert 05.11.2002 10:36.VandresogeEi liknande historie om ei svanger kvinne som berga seg frå bjørn ved å leggje att klede, er kjend frå garden Lunden ved Ålfoten på 1800-talet: Bjørnen jaga kone i Ålfoten. Dette kan vere såkalla "vandresoger" som ein finn att fleire stader, men opphavet kan frå gamalt vere realistisk nok: Også mellom indianarar og eskimoar er det kjent at bjørnen ut frå instinkt velgjer ut svangre kvinner som bytte, på same vis som den veit at drektige hodyr i naturen er tungføre og dermed lettare bytte. Difor har desse urfolka frå gamalt verna leirane sine ved å hengje opp "menstruasjonsklutar" i utklanten av leiren. Bjørnen vert oppteken med klutane, og går ikkje til åtak på folket i leiren. Same trikset er altså kjent av kvinner i Noreg.
Namn etter bjørnesogaEtter segna om Fresvik-kona er staden der bjørnen stoppa, kalla Kjerringabakken, og garden der kona høyrde heime heiter Bjørnetun.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|