SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Vik:

Eksersisplassen Viksmoen

Soldatar på Viksmoen kring 1885. (Foto © Fylkesarkivet)
Soldatar på Viksmoen kring 1885. (Foto © Fylkesarkivet)
I Vik var det militær eksersisplass i 172 år, frå 1726 til 1898. Særleg dei siste 25 åra stod militærvesenet sentralt i den blømingstida som bygda då opplevde - både økonomisk og kulturelt.

Publisert 02.08.2002 13:28. Oppdatert 04.11.2003 10:14.

Det Wigske Compagnie

vart skipa i 1726 med eksersisplass på garden Sæbø på Vikøyri. Både her og på garden Sjøtun låg det telthus - dvs. lagerhus for militært utstyr.

Sogns Bataljoner

I 1874 avløyste Viksmoen Lærdal som eksersisplass for Sogns Bataljoner. I øvingsvekene kunne det vere opptil 900 soldatar samla i Vik.

Offisersgarden Sjøtun

På garden Sjøtun budde bataljonsjefen. Difor har gardstunet også vorte kalla "Ovestegarden" eller Oberstgarden.
Dei første offiserane på "Ovestegarden" høyrde til Fasting-slekta (sjå også Fasting-garden i Ortnevik og Prestegarden på Skei).

Den første fastbuande bataljonssjefen var Christen Christensen. Det flotte hovudhuset på "Oberstgarden" Sjøtun brann i 1938.
Borgstova som er teken vare på som kulturhus, er bygd i 1864, og er det eine av to hus som står att etter den gamle offisersgarden på Sjøtun. Det andre gamle huset er ei korntørke. Elles budde mange offiserar på Hopstock Hotell.

Kort blømingstid

Dei militære gjorde seg sterkt gjeldande både i politikk og kulturliv elles i Vik i dei
få åra Vik var senter for den militære aktiviteten i Sogn. Kjøpmenn og hotellvertar tente gode pengar på det militære, og utleige av eksersisplass og husrom for soldatane gav gode ekstrainntekter til bønder og strandsitjarar.

Mange bygde også hus som dei leigde ut som bustader for offiserane. Eit av dei var eit flott hus i sveitsarstil som seinare vart kalla "Øen-huset" etter lensmann Anfin Anfinson Øen som kjøpte det. Huset, som i dag ligg like ved riksveg 13 i Flatbygdi, vart bygd av snekkar Endre J. Tryti (1862-1946).

Høgdepunktet var nok kongegjestinga i 1896, då kong Oscar vart motteken med æresportal, flagg og faner i Vik. Men i 1898 var det brått slutt, sjølv om vikjene med stortingsmann Anfinn Refsdal i spissen kjempa ein hard kamp mot nedlegging. Eksersisplassen vart lagt ned og aktiviteten flytta til Bømoen på Voss.

Idrettstevlinga i 1894

I 1894 vart det skipa til ei militær idrettstevling på Viksmoen. Bak denne stod den seinare landskjende idrettspioneren løytnant Henrik Angell. Dette var ei av dei første organiserte idrettstevlingane i fylket. Den første var ei kappgangtevling i Innvik i 1872 (sjå: Idretten i Stryn). Ei av øvingane i Vik var 10.000 meter kappgang, som Angell sjølv vann.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no