|
Rutebåt frå Sandane på veg inn til Nordfjordeid i 1971. (Foto: NRK) |
Nordfjordeid
fekk rutestopp av Fylkesbaatane heilt frå den første Nordfjord-ruta med "Fjalir" starta i 1859. Det fylkeseigde selskapet Nordre Bergenhuus Amtsbaater -
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane - var skipa året før. I Nordfjord hadde "Fjalir" stopp i Måløy, Bryggja, Dombestein, Naustdal, Nordfjordeid, Hestenesøyra, Vereide, Sandane, Ryssfjøra, Utvik, Faleide og Stryn.
Dei grunne sandøyrane på Nordfjordeid gjorde at rutebåten heilt fram til 1902 vart borda ute på fjorden ved Skårhaug ca. 1 kilometer nordvest for sentrum, der John W. Skaarhaug var ekspeditør. Her vart det bygt kai og pakkhus. I 1899 vart kaia og pakkhuset rasert av fjordisen. Det vart sett opp ei mellombels kai, men i 1902 bygde eit lokalt aksjeselskap - A/S Eids Dampskipsbrygge - ny kai ved garden Gjerde inne i fjordbotnen. Her vart
Gabriel Totland ekspeditør, slik han hadde vore på Skårhaug sidan 1894.
Godsterminal i 1975
På 1930-talet vart kaia og hamna skjerma med ein stor molo, som vart bygt som naudsarbeid for arbeidslause. I 1975 bygde ekspeditøren Gudmund Totland ny terminal og nytt godslager på 1.400 kvm. 1977 overtok Nordfjord og Sunnmøre Billag ekspedisjonen.
|
Godsterminalen på Nordfjordeid vart bygt i 1975. (Foto: NRK) |
Nordfjordeid vart endestopp for den første ekspressbåtruta på Nordfjord då den starta i 1971.
vart opna i 1968. Den mektige direktøren i Fylkesbaatane, Otto Røsberg, hevda lenge at Lote-Anda ikkje var liv laga fordi det ikkje var trafikkgrunnlag for ei ferje over Nordfjorden!
Naustdal
fekk rutestopp av Fylkesbaatane alt frå starten av selskapet si første Norfjord-rute med "Fjalir" i 1859. Grunnen til dette var at Naustdal då var eit viktig knutepunkt for postruta over Hjelmelandsdalen-Bjørkedalen til Sunnmøre, og at sorenskrivarkontoret i Nordfjord låg like ved, på garden Leikvin (
Skrivargarden Leikvin). Handelsmann M. Sture var ekspeditør i mange år på 1900-talet.
Haus
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1876. Haus var ute av rutene mellom 1900 og 1919. I 1928 var riksvegen austfrå broten gjennom til Haus. Frå 1936 vart det sett opp bilfergerute mellom Haus og Bryggja. Denne gjekk til 1938, då vegen vestover gjennom fjellet Vindfylla var broten gjennom.
Stårheim
vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1877, med kjøpmann Rasmus D. Halvorsen (sjå:
Kjende personar i Eid fødde år 1800-1850) som ekspeditør. Alt i 1862 hadde kommunestyret støtta ein søknad frå dåverande kjøpmann på Stårheim, Holger Oliver Borge, om å ta opp bygda som rutestopp, men hadde fått avslag. Halvorsen bygde kai og pakkhus. På 1950- og 1960-talet var Stårheim stoppestad i ei sommarrute/turistrute Bergen-Nordfjord med endestopp på Sandane.
Frå Stårheim vart reisande frakta med Nordfjord og Sunnmøre Billag sine bussar til turistmåla i indre Nordfjord.
Motorbåtførar Karl Lofnes (sjå:
Samferdsle i Vågsøy) dreiv også ei lokal rute med post og passasjerar frå Måløy og innover fjorden i mellomkrigstida. Han hadde m.a. anløp av Stårheim.
Kjølsdalen
fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1890. Johannes L. Kjøllesdal var ekspeditør og bygde kai.
Hennebygda
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1892. Då Fylkesbaatane innstilte dei vanlege fjordarutene, vart den vesle rutebåten "Hennefjord" i 1973 sett inn i lokaltrafikken til Sandane fram til 1981, då bygda fekk vegutløysing til Lote. Denne båten hadde vore brukt på Breimsvatnet sidan 1953, og heitte då "Breim".
Lote
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1898 med Anders M. Lothe som ekspeditør og postopnar frå 1905. Lote vart eit av dei viktigaste trafikknutepunkta i Nordfjord då
ferjestrekninga Lote-Anda (sjå under
Samferdsle i Eid) opna i 1968 - no det eine av to ferjesamband på hovudvegen E39 gjennom fylket.
Lefdal
fekk første anløpet i 1912 av ei lokal motorbåtrute som firmaet Skibenes (sjå:
Industri og næring i Vågsøy) dreiv mellom Måløy og Nordfjordeid. Seinare fekk bygda rutestopp av Fylkesbaat-rutene som gjekk på Bergen.
Skyss til Måløy
Før vegsambandet Nordfjordeid-Måløy var gjennombrote, gjekk mindre skyssbåtar frå Måløy i post- og passasjerrute mellom Måløy og Nordfjordeid, med mellomstopp. Desse rutene vart utførde av båtane til Skibenes & Søn, og Karl Lofnes.
Ruter på sørsida
Forutan Fylkesbaatane, vart grendene på sørsida av Nordfjord frå Davik til Nordfjordeid på 1950-talet knytte til Nordfjordeid med båtrute som frakta mjølk til meieriet. Ruta vart utført av Martin Førde frå Davik.
- godstransport på vegane, og ruter på Hornindalsvatnet.