Aetat i Sogn og Fjordane hadde fram til årsskiftet 2002/2003 hovudadministrasjonen sin på Leikanger.
Etaten har kontor i Måløy, Stryn, Sandane, Florø, Førde, Høyanger og Sogndal, men hadde tidlegare langt fleire kontor spreidd kringom i fylket. Aetat har ansvaret for gjennomføring av arbeidsmarknadspolitikken som vert fastsett av regjering og Storting.
Historikk
Den første organiserte arbeidsformidlinga - dvs. å formidle kontakt mellom arbeidssøkjar og arbeidsgjevar - vart i eldre tider driven i stor mon gjennom dei gamle laugsordningane. På 1700-taket vart det fastett ved lov at ledige arbeidssøkjande skulle kunngjerast på kyrkjebakken.
Før Staten organiserte den offentlege arbeidsformidlinga i 1945, kunne såkalla festekontor, drivne av privatpersonar eller fagforeningar, drive arbeidsformidling. Ei lov frå 1896 fastsette vilkåra for å drive slik formidling, og etter lova måtte ein ha løyve til å drive verksemda.
I 1897 vart det første offentlege arbeidsformidlingskontoret skipa i Bergen, og i åra fram til 1902 fylgde dei andre store byane etter.
I Sysselsetjingslova frå 1947 vart det sett forbod mot privat arbeidsformidling, og berre Staten kunne drive arbeidsformidling. Dette skulle vere ei gratisteneste til både arbeidsøkjar og arbeidsgjevar, og kvart fylke skulle ha eige fylkesarbeidskontor.
Fylkesarbeidskontoret
Den første organiseringa av arbeidsformidlinga i Sogn og Fjordane kom ved skiping av ei fylkesarbeidsnemnd i 1945. Fylkesarbeidskontoret på Leikanger vart skipa i 1947 i samband med Sysselsetjingslova. Fram til fylkesarbeidskontoret flytta inn i tinghusa i 1956 heldt det til i eit privathus på Leikanger. I 1991 flytta kontoret over i det nybygde Statens hus. Fylkesarbeidskontoret hadde dei første åra 3-4 tilsette, var på topp i 1997 med 18 tilsette, og har i 2002 10 tilsette.
Ved årsskiftet 2002/2003 vart Aetat Sogn og Fjordane lagt ned som spesiell eining, og Aetat Sogndal skal fungere som eit hovudkontor for organisasjonen i fylket og ta seg av fylkjesdekkande oppgåver.
Frå 1. juli 2006 er AETAT (arbeidsformidlinga) og trygdeetaten slegne saman til
Ny Arbeids og Velferdsforvaltning – NAV.
Fylkesarbeidssjefar i Sogn og Fjordane:
1945-1955 Oskar Andersen
1956-1967 Sverre Olsen
1968-1977
Olav Straume
1978-2000 Gunnar Johs. Vangsnes
2000-2006 Frode Henden