SUNNFJORD:
Dei første futane i Sunnfjord busette seg på garden Fure, lengst vest i Fjaler kommune. Her kan ein framleis finne "Futebekken" der embetsgarden låg.
Futane i Sunnfjord budde frå 1500-talet for det meste på Fure, seinare på Svanøy og til sist på Bruland i Førde. Men i åra 1684 til 1705 var også garden Ask i Askvoll futesete.
I ein periode på 1500-talet budde futen på Hafstad i Førde.
|
Interiør på futegarden på Bruland. (Foto: Steinar Lote, NRK) |
Futen i Fjordane, Nikolai Lambrechts, kjøpte i 1789 garden Bruland omlag fire kilometer aust for Førde sentrum og flytta futesetet frå Svanøy til Førde.
Futen på Svanøy
-
Futesete og adelsgods. Etter at den dansk-norske kongen kverrsette alt kyrkje- og klostergods ved reformasjonen i 1537, gjekk det ikkje lenge før storgarden på Bru vart sete for futen i Sunnfjord.
SOGN:
Futegarden i Bjordal låg på eit høgdedrag eit stykke opp frå sjøen, men vart flytta til Alværa ved Lavik i 1773.
Frå kring 1630 til 1650 eigde futen i Sogn garden Målsnes, men det er uvisst om han budde der. Etter tida på Målsnes, fekk futen hand om garden Skåsheim lengre aust, men også her er det uvisst om buten budde sjølv.
Det var Hans Blix som gjorde Flesje til futegard. I 1685 kjøpte han garden Tue og busette seg på Flesje. I 1790 overtok Askelund som futegard.
Omlag ein kilometer vest for Balestrand sentrum ligg den gamle futegarden Askelund. Den store trebygningen er rekna som ein av dei vakraste embetsmannsgardane på Vestlandet. Huset har sidan det vart bygd i 1790 hatt ei vekslande og fargerik historie.
På mange av dei beste gardane i Luster har det fram gjenom tida budd futar.
NORDFJORD:
Frå midten av 1500-talet til 1609 var Eide futegard for Nordfjord. Futen hadde tidlegare hatt tilhald på Maurstad. Frå Eide flytta futen i 1609 til Ytre Davik.
Frå 1609 til 1692 budde futen i Nordfjord på garden Ytre-Davik i Davik. På 1500-talet budde Nordfjord-futen også i bolkar på garden Maurstad på nordsida av fjorden, men elles budde Nordfjord-futane den lengste tida på gardane Eide og Evebø i Gloppen.
Garden Maurstad på Bryggja var ei tid på 1500-talet bustad for futen i Nordfjord.