Magnus den 5. Erlingsson (1156-1184). Norsk konge. Son av lendmann Erling Skakke og Sigurd Jordsalfare si dotter Kristina.
Vart konge i Noreg i 1161 berre fem år gamal etter å ha fått støtte frå kyrkja og frå lendmenn på Vestlandet. Den reelle styraren av kongeriket i mange år frametter vart difor faren Erling Skakke.
Kruna i Bergen
Sidan Magnus si "kongelege byrd" var tvilsam, freista støtteapparatet kring han å styrkje kongeautoriteten til Magsnus ved å la han krune og vigsle av kyrkja: I 1163 vart han kruna i Bergen av biskop Øystein, men måtte samstundes godta å gje kyrkja stor makt i kongeriket. M.a. skulle kyrkja ha sterkt mynde ved framtidige val av norsk konge.
Krig med Birkebeinarane
Men kong Magnus, faren Erling Skakke og tilhengarane deira hadde sterke motstandarar: I 1174 gjorde Birkebeinarane under førararen Øystein Møyla opprør. I 1177 braka dei saman i slaget på Re. Her fall Øystein Møyla.
Sverre Sigurdsson samla restane av Birkebeinarane då han kom til Noreg i 1176 og heldt fram kampen. I 1179 fall Erling Sakke i eit slag på Kalvskinnet ved Trondheim.
Ny strid med Sverre
Men striden mellom Magnus og Sverre var ikkje avgjort med dette. Etter eit nytt slag mellom dei to på Ilevollen i 1180 der Sverre på nytt vann, måtte Magnus røme frå Trøndelag, og søkte støtte frå sympatisørar på Vestlandet og Sørlandet, og delvis i Danmark.
I 1184 kom det til eit endeleg oppgjer, då Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson møttest i slaget ved Fimreite. Her fall kong Magnus saman med 2.000 av mennene sine.