Ein av dei mest kjende bjørnejegrane i Sogn var
Ola Ingebriktsson Supphellen frå Fjærland. Han levde på 1700-talet, og i 1781 fekk han premie fordi han kunne dokumentere å ha skote 25 vaksne bjørnar. I tillegg hadde han dessutan teke livet av ein god del bjørnar som han ikkje fann att.
Siste bjørnane som vart skotne i Fjærland om vi ser bort frå fellinga i 2008, var ein bjørn som vart skoten i Trodalen i 1893 av nokre brør frå garden Berge, og ein bjørn som vart felt i Supphelledalen i 1900. Namnet på jegeren er ikkje kjent.
Den kjende bjørnejegeren
Nils J. Røysum frå Leikanger skaut i 1899 ein stor bjørn og ein bjørnunge på Trodalseggi ved Romøyri. Røisum skaut også mykje bjørn i Sogndalsfjella.
Skaut symjande bjørn
|
(Arkiv: NRK) |
Ein kjend bjørneskyttar i Fjærland tidleg på 1800-talet var Ola Botolvsson Viki. Ein gong jakta han og to andre karar på ein bjørn som dei jaga på fjorden. Ola prøvde å skyte den symjande bjørnen, men råka den berre med streifskot. Dei reiste så heim og støypte seg kuler av arvesølv. Då på nytt rodde ut fjorden, kom bjørnen på byksande mot dei og la på sym mot båten. No råka Ola betre med kula, og bjørnen fekk banesår av sølvkula.