Råstoff til krigsmetall
Det starta under 1. verdskrig med at Norsk Hydro bygde aluminiumsverk i Sauda, og gjekk dessutan med planar om å starte aluminiumsproduksjon i Årdal. For å sikre råstoff til slik produksjon, kjøpte Hydro i 1918 rettane til anortositt-felta i Kinsedal . Denne bergarten kan nyttast til å framstille aluminiumoksyd som er råstoffet for aluminioumsproduksjon.
Hydro starta dagbrot i eit lite felt like ved sjøen omlag ein kilometer frå sjølve Kinsedal, og her var det også bygt utskipingskai. Men med krigsslutt vart det mindre spørsmål etter det lette aluminumsmetallet, og gruvedrifta låg nede i mellomkrigstida.
Krig og stordrift
I 1940 satsa Norsk Hydro gjennom sine selskap A/S Rjukanfoss og Nordisk Lettmetall på stordrift på hovudforekomsten som ligg omlag ein kilometer oppe i fjellet frå Kinsedal. Kinsedal-anortositten vart nytta som råstoff til Norsk Hydro sitt aliminumsverk på Herøya ved Porsgrunn.
På kort tid vart det bygt opp eit gruvesamfunn der det arbeidde kring 400 mann som kom frå heile landet. Mellom Kinsedal, Ornes og Solvorn gjekk det daglege arbeidsruter med motorbåt.
Budde i brakker
Tilreisande arbeidarar budde i åtte brakker - seks ved sjøen og to oppe ved dagbrota på fjellet. Ved sjøen vart det bygt ei 100 meter lang kai, verkstad, mannskapsmesser, kontor og seks bustadhus for ingeniørar og andre funksjonærar.
Ved steinbrota vart bygt store fjellhallar for knuseri og siloar, og i 1941 ei jernbane frå sjøen og m.a. i ein 300 meter lang tunnel opp under siloane i fjellhallane. I 1943 vart det i tillegg bygt ei ekstra trallebane som frakta folk og utstyr mellom sjøen og steinbrota.
Tyskarane opna ekstra brot ved sjøen
I 1942 tok tyskarane sitt Nordag-selskap opp att brytinga av anortositt i forekomsten ved sjøen der det hadde vorte teke ut stein under 1. verdskrig. Arbeidarane på dette anlegget var for det meste folk som var tvangsutskrivne til arbeidsteneste for okkupansjonsmakta.
Den første tida budde dei i nokre brakker i Ofredal og vart skyssa med båt til og frå Kinsedal. Seinare vart det m.a. bygt ei brakke for 100 mann like ved steinbrotet.
Tyskarane sitt Nordag-selskap hadde storfelte planar om utbygging av Årøy kraftverk (
Årøykraft)som skulle forsyne gruvesamfunnet i Kinsedal med elektrisk straum gjennom eit kraftspenn over Lustrafjorden, men så langt kom dei ikkje.
Norsk Hydro sin aktivitet i Kinsedal slutta tvert då aluminiumsfabrikken på Herøya vart lagt i grus av allierte bomber i 1944. I løpet av nokre dagar var bygda "tom" for folk.
Like etter krigen vart det gjort eit mislukka forsøk på produksjon av anorthositt som råstoff for
Norsk Aluminium CO - NACO sitt aluminiumsverk i Høyanger.
Yrkesskule
Frå 1946 til 1952 vart det drive yrkesskule i dei tidlegare gruvebygningane i Kinsedal.
I løpet av desse åra tok i alt 200 elevar eksamen på mekanikk-, elektrikar, møbel-, maskinsnikring- og husbyggjarlinene ved skulen. I desember 1952 brann messe- og bustadbrakka ved skulen i Kinsedal, og yrkesskulen vart flytta til Sogndal.