|
Framsida av VG i november 1972 |
Det starta med at fleire personar på Vangsnes i Vik kommune såg eit periskop i vassflata på den blanke Sognefjorden søndag den 12. november omlag klokka 14.30. Ein av dei, Mons Langeteig, varsla Sjøforsvaret.
16 marinefarty og tre helikopter
Etter kvart kom fire fregattar, to ubåtar, 10 MTB-ar og tre helikopter til Sognefjorden for å delta i leitinga. Det vart leitt i 16 dagar, og hotella i Sogndal og Leikanger vart fylte opp med journalistar frå store deler av verda. Dette var medan den kalde krigen var på det kaldaste, og dersom dei norske marinefartya hadde greidd å tvinge ein ubåt frå eit austblokkland til overflata, så ville det ha vore ei svært dramatisk hending.
|
Frå leitinga i Sognefjorden i 1972. Foto NRK |
Pulveriserte gamalt bussvrak
Men dei fekk aldri opp nokon ubåt. I Sogndalsfjorden vart det avfyrt rakettar mot noko som dei ei stund trudde var ein ubåt, men det viste seg å vere eit gamalt bussvrak som var dumpa i fjorden. Men dåverande forsvarsminister, Johan Kleppe, har i ettertid stadfesta at det var ein ubåt, truleg ein russisk, i Sognefjorden desse novemberdagane i 1972.
- Aldri kontakt med ubåt
Men sjefen for leitinga i 1972, seinare kontreadmiral og generalinspektør for Sjøforsvaret, Bjarne Grimstvedt, sa i november 2005 at dei aldri hadde nokon kontakt som stadfesta at det var nokon framand ubåt. Han fortalde då til Bergens Tidende at det gjerne var ein lang hale av bilar på land med pressefolk og andre nysgjerrige som fylgde marinefartya. Ein gong fann dei ut av dei ville ha det litt moro med desse. Då tok KNM "Trondheim" og bråsnudde, og dette skapte fullt kaos på vegen då alle dei nysgjerrige prøvde å snu samstundes.
Fleire observasjonar
Også seinare vart det gjort observasjonar som kunne tyde på at det var framande ubåtar på ferde i Sognefjorden. Det vart sett i gang mislukka leiting, men desse episodane vekte ikkje den same merksemda som den første.