Skulen i sørsidegrendene i Luster var frå starten av delt i to roder - Feigum og Kroken, og vart i lang tid driven som omgangsskule.
Her gjekk den gamle kommunegrensa mellom Luster og Hafslo mellom Indre og Ytre Kroken. Såleis høyrde bygdene Ytre Kroken, Ornes og Kinsedal til Hafslo, og Indre Kroken, Stokkanes, Feigum og Sørheim til gamle Luster kommune.
Ytre Kroken, Urnes og Kinsedal
I dei tre "Hafslo-krinsane" lengst sør heldt skulen til i leigde lokale fram til 1910, då Ornes fekk flytta det gamle skulehuset frå Kreken krins i Ytre Hafslo over fjorden som skulehus. Etter at grendaskulen vart lagt ned i 1982 og borna skyssa over fjorden til den nye sentralskulen i Solvorn, har Ornes skulehus vorte nytta som grendahus i bygda.
Privatlærar for Munthe-ungane i Kroken
På Munthe-garden i Ytre Kroken hadde herskapsfolket i lang tid privatlærarar til ungane sine.
Krinsen søkte om å få bygt skulehus i 1905, men fekk det ikkje før i 1911 då eit gamalt skulehus frå Solvorn vart flytta over fjorden.
Kinsedal
fekk eige skulehus i 1913. Skulen i Kinsedal vart lagt ned i 1963 og borna sende til Ornes. Sidan har skulehuset i Kinsedal vorte nytta som grendahus.
Indre Kroken, Stokkanes og Feigum
I 1891 vart det vedteke å slå dei to krinsane Feigum og Indre Kroken saman, men vegproblema gjorde at ein gjekk tilbake til den gamle krinsdelinga.
I 1907 vart det gamle skulehuset frå Tandla i Gaupne rive og flytta til den gamle klokkargarden Stokkanes, og frå 1914 var Feigum og Indre Kroken samla til ein krins.
I 1955 fekk grendene frå og med Feigum og til og med Ytre Kroken felles skule, då kommunane Hafslo og Luster samarbeidde om å kjøpte seg inn i eit nybygg som kjøpmann Olav Aalhus bygde i Kroken.
Sørheim
Sørheim høyrde heilt fram til 1878 under Dale krins. Då vart Sørheim skilt ut som eigen krins med eige skulehus. I 1964 var vegsambandet på sørsida ordna slik at Sørheim vart slege saman med Kroken krins. Kroken skule vart lagt ned i 1973, då elevane vart overførte til Bolstad skule i Skjolden.
For dei sørlegaste bygdene, Ornes og Kinsedal vart skulane lagde ned i 1973. Ungane i Kroken vart bussa inn til sentralskulen i Skjolden, medan ungane frå Ornes og Kinsedal frå 1973 vart sende over til skulen i Solvorn.