|
Mons J. Kroken. |
Her var agronom Ellend Eide vert for skulen fram til den vart lagt ned i 1888. I 1891 vart skulen skipa på nytt, men no hjå proprietær
Ole Torgeirsson Svanøe på
Svanøy Hovudgard .
Då Svanøe nekta å utvide skulebygget slik fylket kravde, vart husmorskulen i 1897 flytta til det gamle, ubebudde "Munthehuset" i Ytre Kroken - sjå:
Kroken. Dette leigde fylket av Mons Johannesson Kroken.
|
Arbeidsstova i Kroken husmorskule kring 1924. (Foto © Fylkesarkivet) |
- Utpreget byoppfatning
Her vart husmorskulen verande i 60 år, før den i 1957 flytta over i nybygg på Hafslo. Dei første skuleåra i Kroken hadde skulen 30 elevar og tre lærarinner.
Det store huset hadde ikkje innlagt vatn, slik at elevane måtte bere vatn frå ein bekk i nærleiken. Ved ein inspeksjon frå departementet i 1911 vart tilhøva og levekåra ved husmorskulen sterkt kritisert, og det kom krav om utbetringar. Men fylket avviste kritikken som "en utpreget byoppfatning". Likevel var stoda så pinleg at fylket ei tid vurderte å flytte skulen til ein annan stad, men valde i staden å utbetre ein del av manglane ved bygget i Kroken og redusere elevtalet.
I 1939 vart det faktisk vedteke å byggje nytt skulebygg i Kroken, men 2. verdskrig sette bom for planen.
|
Fokeviseleik på jenteskulen i Kroken kring 1913. (Foto © Fylkesarkivet) |
Husmorskulen til Hafslo
I staden valde ein å satse på ei ny tomt for husmorskulen på garden Tang i Hafslo. Her stod eit nybygg ferdig til å ta imot skulen i 1958. Her var det plass til 32 elevar, som budde i internat ved skulen. Bygget romma også lærarhusvære. Ved ei ombygging i 1966 fekk husmorskulen plass til 40 elevar.
Hafslo husstellfagskule
|
Kokkelina på Hafslo. (Foto: Dag Harald Kvammen Andersen, NRK) |
I 1974 skifta skulen namn til Hafslo husstellfagskule, og ved eit nytt namnebyte i 1985 vart det Hafslo vidaregåande skule. I tillegg til kokkefag, fekk skulen også line for sosial-og helsefag. Internatet vart lagt ned i 1982.
Skulen vart pussa opp i 1987, men likevel kom det i 1988 framlegg om at skulen burde leggjast ned som ein lekk i ein "sparepakke" for fylkeskommunen. Framlegget om nedlegging vart avvist.
Utanom Kroken og Hafslo og forløparane deira i Holmedal og Svanøy, har det vorte drive "husmorskular" i Stryn, Lavik og Førde:
·
Husmorskulen i Stryn
·
Husmorskulen i Lavik
·
Sogn og Fjordane Husstellskule