Både på Kvalsøyri i Luster og i Solvorn var det frå 1600-talet lokale eksersisplassar for Nordre Indresognske Compagni. Kvalsøyri var den viktigaste, og der har ein framleis stadnamna Ekservollen og Telthusmyri som minne om militærtida.
|
Telthuset på Eide i Skjolden frå eksersisplassen i Luster. (Foto: Ottar Starheim, NRK) |
Ekservollen var den gamle almenningen i Luster, og denne eksersisplassen vart nytta til 1871. Eit telthus (utstyrshus) frå denne eksersisplassen vart seinare rive og sett opp som ekspedisjonsbygning og handelsbu på Eide i Skjolden. Dette bygget vart restaurert på slutten av 1990-talet.
Kompanisjefane for eksersisplassen på Kvalsøyri budde på Vollen og Nygård i Luster, Høyheim og Flahamar - sjå:
Flahamar vert offisersgard. Hovudhuset på Nygard i Luster vart bygt av Joachim de Knagenhielm Daae i 1801 og står framleis - delvis i den opphavelege empirestilen med ei brei ark i fasaden ut mot fjorden.
|
Her på Nygård budde nokre av kompanisjefane. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Sjefsgard på Marheim
Ein gard på Marheim i Indre Hafslo fungerte som sjefsgard frå 1683 då Stephen Jensson Loss vart sjef for Indre Sognske Compagnie. Også etterfylgjaren, kaptein Nils Krag, budde på Marheim frå 1699 til 1707. Eksersisplassen for kompaniet låg i Solvorn i perioder frå 1685 til 1707.
Strabasiøs ferd
I 1687 vart eit kompani frå Luster under leiing av kaptein Loss kommandert austover til teneste. På turen over fjellet vart mange sjuke, og kapteinen måtte sende sju soldatar heim att. Ein av desse var Ola Alme frå Hafslo, som døydde noko seinare av strabasane.