|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Luster: Soldatar på flukt i aprildagane 1940I kampane i Gudbrandsdalen etter den tyske invasjonen i Noreg i april 1940, var det fleire grupper engelske soldatar som tok seg over til Årdal. Dei vart rådde til å røme dit fordi Valdres og Lærdal alt var hærsette av fienden. Publisert 23.10.2003 15:44. Den første gruppa på ni soldatar hadde teke inn på hotell i Årdal og vart tekne til fange av tyskarane. Den andre gruppa vart innlosjert hjå bønder i Utladalen. Derifrå vart dei av norske kjentmenn losa i to grupper til Florø og Ålesunds-kanten, der dei vart henta av allierte skip over Nordsjøen.
Ragnar Vigdal førte deiEin av dei som var los på denne ferda mot Florø, var den seinare så kjende folkesongaren Ragnar Vigdal. Han fortalde at gruppa hadde teke seg frå Årdal til Skjolden og derifrå med båt til Dale før dei overnatta eit par dagar hjå Peder og Anna Vigdal i Vigdalen. Dei vart først leidde av Hansina Vigdal til Leirdalen, der Ragnar Vigdal tok over gruppa og leidde den over til Veitastrond og Fjærland. Frå Fjærland leidde Ragnar Vigdal rømlingane over Jostedalsbreen til Lunde i Jølster. Derfrå leidde han og breførar Anders Lunde dei vidare til Eikefjorden, og mot utskiping over til England frå Florø-kanten.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|