Oscar II
|
Oscar II. |
av Noreg-Sverige vitja som kronprins Skjolden og Marifjøra 1860. Han kom ridande over Sognefjellet frå Lom. 14 bønder frå Fortun var utkommanderte for å assistere kongefylgjet over fjellet, og i tillegg var 18 mann sette opp som livvakter.
Kongen skildra seinare reisa si i ein artikkel i DNT si årbok - sjå:
Kjentfolk over Sognefjellet.
Kong Olav V
gjesta Luster som kronprins i 1949 då han reiste gjennom kommunane Hafslo og Luster på veg frå Leikanger til ein landsspeidarleir i Skjåk.
Kong Harald 5.
vitja som kronprins Luster kommune i 1979 saman med kronprinsesse Sonja i samband med ei større rundreise i Sogn og Fjordane. Dei nytta kongeskipet "Norge" på ferda, og var m.a. til gudsteneste i
Dale kyrkje i Luster. Rundreisa gjekk elles til Solund, Høyanger, Fjaler, Gaular, Førde og Lærdal.
Kronprinsparet vitja også Ornes og stavkyrkja der i 1985 som vertskap for kronprinsparet frå Japan. Kong Harald har som privatperson vitja Dale kyrkje.
Dronning Sonja har ved fleire høve vore på privat vitjing i Luster som fjellvandrar og i andre private samanhengar.
Dronning Wilhelmina
av Nederland vitja Balestrand i 1954, nokre år etter at ho hadde abdisert. Dottera, seinare dronning Juliana, fylgde også med på turen. Dei vitja også Fjærland og Skjolden. I 1956 budde dei to nederlandske dronningane i fleire dagar på Tørvis Hotell i Marifjøra som private turistar, og rakk mellom anna innom
Solstad Kaffistova.