Frå 1660 då byprivilegia vart innført og fram til midten av 1800-talet då privilegia vart
avskaffa, var det borgarane på storgardane Myklebust og Gjerde som kontrollerte det meste av varehandelen på Nordfjordeid og i Eidsbygda.
Garden i Stårheimsvik har frå tidleg 1600-tal høyrt til kjende embets- og handelsslekter.
I tillegg til Myklebust og Gjerde, var det også handelpå Skipenes.
Tidleg handel på Naustdal
Just L. By starta den første landhandelen på Naustdal tidleg på 1800-talet. I 1858 er Nils Anderson handelsmann på Naustdal, og var også dampskipsekspeditør.
Landhandel grunnlagt 1860 av Didirik Aasebø.
Grunnlagt 1874. Heitte første åra Eids Handelsforening.
- dreiv stort som handelsmann, damsskipsekspeditør, postopnar og telefonstasjon i Stårheimsvik og i Vågsvåg frå 1880-talet.
bygde i 1883 eit stort, toetasjes trehus ved Eidsgata og starta handel der.
Starta i 1890 landhandel på Nordfjordeid.
Dreiv frå 1890-talet landhandel, bakeri og telefonstasjon i Kjølsdalen.
Starta kring 1890 landhandel og bakeri i Kjølsdalen. Han bygde tøystampe, kvern og sag ved elva, og dreiv også sjøbu i Måløy.
M. Sture Landhandel
på Naustdal vart grunnlagt 1895 av Arne Manseth. M. Sture dreiv seinare landhandel og dampskipskai på Naustdal, og landhandel på Haugen, som einaste forretning i denne skulekrinsen.
Johan Antonsen
bygde kring 1880 fargeri og tøystampe ved Stårheimselva, og var ei kort tid dampskipsekspeditør. Kring 1900 starta Antonsen også landhandel og dreiv fram til slutten av 1920-talet.
Nordfjordeid, grunnlagt 1904 av Paul Olson Oos. Har vore drive i same familien sidan.
Grunnlagt 1906 og heitte først Starheims Landboeforening.
– opphaveleg Eids Forbrukslag - vart grunnlagt 1909.
Knut K. Osnes d.e. starta med landhandel og kjøtvarebutikk ved Eidsgata i 1910 og bygde ny forretningsgard med eige slakteri i 1914.
Lisbeth Hunskår
(f. Engeset) starta bakeri og landhandel på Stårheim i 1921. I 1938 overtok Birger Sørland butikken og bygde ny forretning i 1950. Ektemaken Bergljot Sørland tok over drifta då Birger Sørland drukna i 1950, og dreiv landhandelen til midt på 1970-talet. Ei tid dreiv ho også kafé i 2. etasje i bygget.
Rasmus J. Sundal
starta i 1922 landhandel i Kjølsdalen -
Johan H. Kjøllesdal.
Johan R. Dalseth
starta landhandel i Almenningshola på Nordfjordeid i på slutten av 1920-talet. Forretningslokala er seinare tekne over av blekkslagarfirmaet Ernst C. Husevåg AS.
Grunnlagt 1927 av Olav Haus, som dreiv damskipskai, landhandel, pensjonat, post og drosje.
|
Lars-Svein Drabløs tok over Skaugseth sin handel. (Foto: NRK) |
Johannes Skaugseth
starta i 1934 landhandel i Mogrenda. Det første året dreiv han saman med Roald Rynning. På 1980-talet tok Lars-Svein Drabløs over og bygde nytt forretningsbygg. Butikken vart nedlagt på 1990-talet.
Mathilde Orheim
Starta daglegvarebutikk i eige forretningsbygg på Stårheim i 1937. Ho og ektemaken Karl Starheim dreiv butikken til 1984. Landhandelen med inventar og varer vart i 2006 flytta til Nordfjord Folkemuseum på Sandane og sett opp att der som fast utstilling.
starta landhandel i vegkrysset til Stigedalsvegen på Hjelle i 1938.
Reinert Humborstad
starta landhandel i Kjølsdalen i 1939. Saman med ektemaken Ester dreiv han forretninga fram til kring 1960.
Moengården
bygd 1987 og 2005, sjå
Ivar K. Moen.
Sentrumsbygget A/S forretningsgard
på Nordfjordeid vart bygd i 1995 av Knut Hildenes og familie. Bygget er på 1800 kvadratmeter og inneheld Rema 1000 daglegvareforretning og seks andre forretningar og kontor.
Rema 1000
- sjå Sentrumsbygget 1995 ovanfor.
Kjølsdalen handel
skipa 2003 – sjå
Kjøllesdal Handelsforening.