For å betre helsetenesta påla Staten at det skulle krevjast inn ei eiga avgift på sildefisket. Dette Vårsildavgiftsfondet skulle nyttast til løning av legar, legeskyss med eiga skøyte og eige "fiskarsjukehus" i Florø. I Kalvåg kom det "fiskerilege" i sesongen frå 1867 og utover.
Heilt fram til 1866 hadde folk i tidlegare Davik kommune svært dårleg legedekning.
Jon Per Jonson Leirgulen (1856-1946) var ein sjølvlærd bygdedokter.
Eige legedistrikt
Bremanger kommune vart skilt ut som eige legedistrikt i 1916.
I 1903 bygde Vårsildavgiftsfondet eit ”sjukehus” i bakkane ovanfor Kalvåg. Sjukehuset hadde plas til inntil 20 pasientar og var berre ope for fiskarar i fiskesesongen.
I samband med utbygging av kraftanlegga i Svelgen, vart det i 1918 bygd ei sjukestove i bygda.
Alders- og sjukeheimar
I Svelgen vart det bygt ny sjuke- og aldersheim i 1979. Aldersheimen i Kalvåg vart utvida til sjukeheim i 1979, og i 2003 var han mykje utvida.