Torheim er ei lita grend i Eid som vender mot Ålfotfjella, der Milorg-gruppa ”Snowflake” låg løynd i dei siste månadene av 2. verdskrig.
|
Major Kåre Torheim på Nordfjordeid i 1995 |
I heimbygda hadde underoffiser Kåre Torheim og brørne Sverre og Trygve gøymt unna eit våpenlager då krigen braut ut i 1940. Lageret inneheldt m.a. 30 gevær, to maskingevær og 10.000 skot. Då Milorg-gruppa ”Snowflake” vart organisert i Ålfotdalen vinteren 1945, slutta Kåre, Sverre og Trygve seg til denne.
Milorg vart etter ei hending i Høyanger rulla opp over heile fylket i februar-mars 1945, og over 70 personar arresterte. Gestapo rekte spora også til Torheims-brørne, og slo til mot garden. Far til brørne, Ivar, og yngste bror Olav på 15 år vart grovt mishandla av Gestapo. Kåre og Trygve låg like ved tunet og var vitne til at tyskarane reiste med faren Ivar og broren Olav som gissel. Olav Torheim vart sitjande i fangenskap i Espelandsleiren ved Bergen til krigsslutt.
Gestapo fann ikkje våpenlageret på Torheim i første omgang.
Seinare kom Gestapo att og leitte opp eitt av våpenlagra. Dei brende ned ei hytte før dei drog.
Torheims-brørne var ved krigsslutt med på å internere 180 tyske soldatar som var stasjonerte på Bryggja, og på arrastasjonen av fluktskuta ”Algo” som norske nazistar freista å rømme med til Sør-Amerika.