Hopp til innhold

Barnepsykiateren til Breivik blir vitne i rettssaka

Aktoratet ønskjer å vite meir om barndommen til Anders Behring Breivik, og kallar no inn barnepsykiateren til Breivik som vitne i terrorrettssaka.

Engh og Larsen

Statsadvokat Inga Bejer Engh og bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen vil beggje ha barnepsykiateren til Breivik som vitne, for å setje meir lys på barndomen hans.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

I ettermiddag vart den nye bevisoppgåva lagt fram av aktoratet og bistandsadvokatane, der barnepsykiater Per Olav Næss er stevna. Næss var i kontakt med terrortiltalte for 29 år sidan – då Breivik var fire år.

– Me ønskjer å få belyst observasjonar gjort av tiltalte i barndomen hans, seier statsadvokat Inga Bejer Engh til NRK.

Var i ein behandlingsbarnehage

Per Olav Næss observerte Breivik i ein behandlingsbarnehage då mora, søstera og han sjølv var innlagt på Statens senter for barne- og ungdomspsykiatri i rundt tre veker i 1983.

I den første rettspsykiatriske rapporten, som konkluderte med at Breivik er utilrekneleg, er det referert frå episoden i 1983.

– Kvifor er det viktig å få fleire vitne til å fortelje om barndomen hans?

– Me meiner det er viktig at retten får alt som kan belyse tilstanden hans på ein best mogleg måte, og då har me tenkt at barndomen kan vere ein viktig del, seier Engh.

Engh ønskjer ikkje å seie noko meir om kva ho konkret ønskjer å få svar på, eller kva Næss vil ha høve til å seie i retten.

– Treng ikkje vere psykolog

Koordinerande bistandsadvokat Mette Yvonne Larsen ønskjer også å setje lys på barndomen til Breivik i større grad i rettssaka.

– Me ønskjer å få fram korleis personlegdomen hans har utvikla seg frå han var liten. Me meiner det passar godt overeins med dei to siste sakkunnige sine vurderingar.

– Ein treng ikkje vere psykolog for å forstå at ein personlegdom vert danna i barndomen.

«Mangla element av lyst og glede»

Ifølgje den første rettspsykiatriske rapporten skal Breivik i 1983 ha vist kontaktevner, men at han grunnleggjande sett var passiv og «nytta aktivitet som kontaktavverge». I tillegg skal han ha hatt vanskeleg for å uttrykkje seg emosjonelt, og mangla element av lyst og glede.

Behandlingsteamet konkluderte med at Breivik burde bli fjerna frå familien og bli overført til ein betre omsorgssituasjon.

Utgangspunktet for at det psykiske helsevernet var i kontakt med Breivik, er at mora til Breivik tok kontakt med familierådgjevingskontoret. Ifølgje psykiatrirapporten gjorde ho dette fordi ho «som skilt, aleineforsørgjar og ansvarleg for to born på fire og ni år, følte seg sliten, makteslaus og sosialt isolert».

Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.