Hopp til innhold

Museum nektar å utlevere nazikunst

Arving etter ein jødisk kunstsamlar kjempar for å få tilbake måleri frå amerikansk museum. Framleis står store mengder kunstverk, stole av nazistane under den andre verdskrigen, hjå feil eigarar.

France Cranach

Dei to måleria 'Adam' og 'Eva', av Lucas Cranach den eldre, er kronjuvelane til The Norton Simon Museum i USA. Måleria høyrer eigentleg til arvingane til Jacques Goudstikker, ein jødisk kunstsamlar. Dei vart stole av nazistane under den andre verdskrigen.

Foto: Francois Mori / Ap

I fleire år har Marei von Saher kjempa for å få tilbake dei 200 kunstverka som svigerfar hennar, jødiske Jacques Goudstikker, eigde.

Han hadde ei av dei største kunstsamlingane i Europa på 1940-talet, før han måtte flykte grunna krigen. Då vart måleria konfiskert av nazistane, med riksmarskalk Hermann Göring i spissen.

Les også: Disse skattene vil de ikke gi tilbake

Har fått tilbake 198 av 200 måleri

Måleria hang ved 17 ulike museum i Nederland for fem år sidan. I dag er 198 av dei tilbake i familien, etter at von Saher har klart å bevise at nazistane stal kunstverka under den andre verdskrigen.

Marei von Saher er den einaste arvingen som er att og ho bur i USA. No kjempar ho for å få tilbake dei to siste måleria. Ho har saman med nokre av dei dyraste advokatane i New York tatt det amerikanske museet The Norton Simon Museum i California for retten, med krav om at dei skal returnere «Adam» og «Eva», målt av Lucas Cranach den eldre, datert rundt 1520.

Dei to måleria var dei mest verdifulle i samlinga til Goudstikker og er juvelane i samlinga til museet.

Måndag denne veka avviste den amerikanske høgsteretten kravet til von Saher, skriv Politiken. Museet har vunne saka, av den enkle grunn at den er forelda.

(Artikkelen held fram under biletet)

Still life with two peacocks and a girl

'Stilleben med to påfugler og en jente' av Rembrandt, datert cirka 1639. 'Kjøpt' av Jacques Goudstikkers slektningar i 1942 av Miedl, som selde det til Führermuseum rett etterpå. I 1960 hamna det på Rijksmuseum i Amsterdam, før det vart tilbakeført til dei rettmessige eigarane for nokre år sidan.

Foto: Rembrandt

Truga familien til å signere avtale

Kunsttjuveria er ikkje det einaste tragiske kapittelet i historia om Jacques Goudstikker. Den jødiske mannen klarte å flykte frå Amsterdam i mai 1940. Han kom seg med den siste båten som forlét Amsterdam og sette kursen mot Sør-Amerika. Men knappe to dagar etter at reisa starta datt han gjennom ei open luke ned i skipslasterommet og døydde.

Han hadde på seg ei komplett liste over alle kunstverka sine, som stod igjen i Amsterdam. Blant desse var store namn som van Gogh, Rubens og Goya.

To månader etter at Goudstikker døydde delte den tyske forretningsmannen Alois Miedl og nazisten Hermann Göring den store samlinga mellom seg og betalte ein liten symbolsk sum for det.

Salet vart godkjent av to tilsette hjå Goudstikker og hans mor, Emily Goudstikker. Men dei amerikanske advokatane har klart å bevise at mora blei truga på livet til å underskrive avtalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Goudstikker

Liste skrive av Jacques Goudstikker over kunstverka han eigde. Nazistane stakk av med 200 kunstskattar, som familien no kjempar for å få tilbake.

Foto: Wikimedia Commons

– Store mengder står att

Odd-Bjørn Fure, direktør for Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter, seier at det står att mykje kunst som enno ikkje er tilbakeført til sine rettmessige eigarar.

– Det er veldig vanskeleg å få tilbakeført slike kunstverk. Skal ein vinne fram i retten må ein kunne bevise at dei som har erverva seg måleria ikkje har visst kvar dei kom frå, seier han til NRK.no.

Nazistane stal kunst under den andre verdskrigen av to hovedgrunnar: Dei konfiskerte «entartete kunst», som braut med kunstprinsippa som den nazistiske stat stod for. Dette starta allerie då nazistane kom til makta på 30-talet.

Så byrja dei å konfiskere jødisk eigedom, i 1939 i Polen, og frå 1941 i større europeisk målestokk. Då vart kunst for enorme verdiar stole frå jødiske personar. Riksmarskalk Hermann Göring var ein av dei ivrigaste på å skaffe seg stolne kunstverk.

– Det var eit system som var kjenneteikna av enorm korrupsjon. Spesielt i Frankrike plyndra nazistane enorme mengder kunst, seier Fure.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kunstverk plyndret av nazistene legges ut på nett

Ein amerikansk soldat står blant tusenvis av stolne kunstverk, stua bort i ei kyrkje i Tyskland.

Foto: Ap

Klager på 8000 kunstverk i fjor

20.000 kunstverk, der det er uklart kven eigarane er, vart frigitt i ein ny database i fjor. Det har sett fart på tilbakeføringsprosessen.

Les: Nazi-plyndret kunst legges på nett

Nazistane skal ha stole cirka 650.000 kunstverk, ifølgje databasen. Mellom 100.000 og 200.000 av desse manglar framleis.

– Det var først på 1980- og 90-talet at arbeidet med tilbakeføring av kunsten skaut fart, då tunge institusjonar kom på bana. Det er ein del av resiviliseringsprosessen, men det står framleis mykje att. På fleire områder er ikkje arbeidet byrja ein gong, seier Odd-Bjørn Fure til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kunstverk plyndret under Holocaust

Soldatar leitar gjennom kunstverk som var i nazistane sin eigedom. Framleis er fleire hundretusen måleri i eige hos feil personar og institusjonar.

Foto: Ap

Holocaust Claims Processing Office i New York tar imot klager frå folk i heile verda som ønskjer å få tilbake kunstverk som blei stole av nazistane. I årsrapporten for 2010 kjem det fram at dei i løpet av året har behandla 157 klager, frå tolv land, som refererer til cirka 8000 kunstverk.

I 28 av desse klagene har dei vunne fram og til saman 50 objekt har blitt tilbakeført til eigarane. 129 personar har framleis konflikter gåande.

Les: Nettjeneste løser holocaust-gåter

Marei von Saher vil ikkje gi opp kampen om å få samlinga til Jacques Goudstikker komplett.

– Vi har fått fleire skuffande nyhende i løpet av vår lange reise mot å få familiearven tilbake, men vi heldt fram og vann på tross av desse midlertidige tilbakeslaga, seier ho til Politiken.

NETHERLANDS LOOTED ART

Marei von Saher og dottera Charlene foran regjeringsbygget i Haag i 2006. Dei var i Nederland for å få stolne kunstverk tilbake til familien. No står berre to att, på eit museum i USA.

Foto: BAKER & MCKENZIE EN OOSTWAARD AD / AP

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB