Hopp til innhold

Matpakka lever!

Ungdom liker faktisk matpakka si.

Matpakke
Foto: Scanpix / SCANPIX

Ungdom kaster matpakka si i næraste søppelbøtte, dei kjøper potetgull og brus i stadenfor, slik trur mange at ungdom er, og så feil kan ein ta.

Barn spiser fastfood

Det er ikkje slik...

Foto: Heine Pedersen / Scanpix

Overraska

Sosiolog ved SIFO Annechen Bugge har forska på dette med ungdom og matpakke, og konklusjonen er at ungdom likar desse skivene i matpapir.

- Eg blei veldig overraska av resultatet, fortel Bugge.

Matpakka har vore borti mykje kritikk, ikkje minst i media, men no viser det seg altså at den er meir populær enn folk tidlegare har trudd.

- 7 av 10 et matpakke på skulen, og nesten 65 % meinte at den smakte meget eller ganske godt, fortel Bugge.

Oppbevaring

Ofte kan ei matpakke bli litt sliten. Den ligg mange timar i ein sekk mellom skulebøker, då er det ikkje rart at osten blir litt slapp og at salamien får svetteperler.

- Ungdom ville ha betre oppbevaring av matpakka, fortel Bugge.

Barn på matskolen har lunsjpause

...det er meir slik

Foto: Camilla Hatleskog / NRK

Nesten ikkje pappa og lite mamma

Når heile 7 av 10 et matpakka si er det lett å lure på kven det eigentleg er som lagar den denne pakka, lagar ungdom den sjølv?

- Stortsett lagar ungdom matpakka sjølv. Ein del svarte mamma, veldig få svarte pappa og nesten ingen svarte andre, som foreldra sin sambuar, besteforeldre osv. Dei fleste lagar den sjølv, men dei står ikkje heilt fritt til kva dei vil ha oppi matpakka, fortel Bugge.

Jenter er flinkare

Gutar er ikkje like flinke til å ete matpakke enn kva jenter er. I forskinga til Bugge kjem det fram at gutar kjøper meir mat på butikken enn jenter.

- Dei et meir bollar og meir sukkerhaldig brus enn jentene, fortel Bugge.

Og jentene kjøper meir frukt, grønnsaker og salat enn gutane.

Annechen Bugge i Frokost-TV
Foto: NRK

Programleiar i  Frokost-TV Petter Nome drog ein konklusjon utav det heile.

- Dette er som på mange andre områder, jenter er smartare, sa Nome, og fekk det siste ordet.

  Sjå heile innslaget i Frokost-TV

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska