NRK Møre og Romsdal – Lokale nyheter, TV og radio

Hopp til innhold

Siste nytt frå Møre og Romsdal

  • – Bør snu ryggen til Møre og Romsdal dersom Todalsfjordsambandet ikkje kjem

    – Surnadal kommune bør snu ryggen til Møre og Romsdal fylke dersom Todalsfjordsambandet ikkje kjem.

    Det sa Høgre-politikar Tore Rune Halset under kommunestyremøtet i Surnadal i går, skriv avisa Driva.

    Halset sa at Todalsfjordsambandet bør kome så snart det nye sjukehuset på Hjelset står ferdig i 2025. Dersom ikkje der skjer bør Surnadal kommune vurdere å slutte seg til Trøndelag, meiner han.

    Fleire politikarar sakna også ei klårare prioritering av prosjektet i Nordmøre interkommunale politiske råd.

    Leiar i rådet, Ellen Engdahl i rådet svarte at dei jobbar for å få realisert Todalsfjordprosjektet som dei meiner er eit svært viktig prosjekt.

  • Politiets IT-problem identifisert: Ikkje ei villa handling

    Feilen er no identifisert og politiets IT-eining jobbar med å løyse han, skriv dei sjølv på eigne nettsider. Det er ingen indikasjonar på at problema skuldast ei villa handling, ifølge politiet.

    Politiet har sidan onsdag ettermiddag opplevd ustabilitet og tregheit i enkelte av systema deira.

    Det er ikkje klart når systema vil vere tilbake i normal drift.

  • Brann driftsbygning i Rauma ble raskt slukket

    En brann i en hjullaster i en låvebygning i Innfjorden i Rauma ble raskt slukket.

    – Eieren har fått slått ned brannen med et pulverapparat, men det er mye røyk, opplyser 110-sentralen i Møre og Romsdal.

    Det skal også befinne seg dyr i driftsbygningen. Det er så langt uklart om de skal ha blitt skadd som følge av brannen.

    Brannvesenet er på stedet.

null
Spiller nå
Her er Træff-fansen i ekstase etter cup-mål 00:46
Neste
Distriktsnyheter fra Møre og Romsdal.
Radiosendinger fra Møre og Romsdal