Hopp til innhold

Tøffare for lærarstudentar

- No vert det meir arbeidskrevjande å vere lærarstudent , seier minister for høgare utdanning Tora Aasland (SV).

9. klasse, Flensberg skole

Lærarstudenter skal ha meir praksis og meir pedagogikk i framtida.

Foto: Åserud, Lise, Lise Åserud / SCANPIX

I dag legg ministeren fram stortingsmeldinga om ny lærarutdanning. Ho stadfestar overfor NRK at dei som vil utdanne seg til lærar, i framtida må velje om dei vil vere barneskule- eller ungdomsskulelærar.

Høgare krav til studentane

Tora Aasland

Minister for høgare utdanning, Tora Aasland (SV).

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

No vert det ei lærarutdanning som kvalifiserer for å jobbe på 1. til 7. trinn. og ei for å jobbe på 5. til 10. trinn. Studentane må bestemme seg for kva nivå dei vil jobbe på når dei søkjer om opptak, før dei startar på utdanninga.

- Det har vore eit problem at mange har oppfatta lærarstudiet som veldig lite arbeidskrevjande og kanskje litt for slapt, seier Aasland.

- No stiller vi svært klare krav til studentane. Det vert ikkje naudsynt lett å kome seg gjennom. Det skal vere krevjande og vanskeleg. Vi ønskjer at dei som kjem seg gjennom skal ha ein betre og fagleg fundert kompetanse.

Dersom lærarar vil bytte frå barnetrinn til ungdomsskule eller andre omvendt seinare i yrkeskarrieren, må dei ta påbyggingskurs for å få den kompetansen dei då manglar. Grepet betyr at nokre høgskular vil ha begge lærarutdanningane, medan mange av dei mindre studiestadane truleg berre vil ha den eine av dei to.

Vil ha meir spesialiserte lærarar (Nett-TV):

Bård Vegar Solhjell
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dobbelt så mykje pedagogikk

Dei nye lærarutdanningane vil truleg få dobbelt så mykje pedagogikk-undervisning i forhold til i dag. I tillegg skal studentane ha meir praksis.

Mange har foreslått at lærarutdanninga skal bli femårig, men etter det NRK får vite frå ulike kjelder, er det fortsatt berre ei fireårig utdanning som blir presentert i dag.

Modell frå Vestfold

På lærarutdanninga i Vestfold kan du i dag velje mellom tradisjonell allmennlærarutdanning med heile grunnskulen som arbeidsfelt, eller ei meir spesialisert lærarutdanning med fokus mot barne- og ungdomsskulen.

Les: Vestfold blir nasjonal modell

- Kjem tettare inn på ungdom

Sverre Ludvigsen er student ved ungdomskulelærarutdanninga og tillitsvalt for lærarstudentane. Han meiner det er bra om regjeringa vel Vestfold-modellen som den nye modellen for allmennlærarutdanninga.

- Eg har inga tru på at ein kan få spisskompetanse ved å ta ei allmennlærarutdanning. Ungdomsskulelærarar kjem tettare inn på ungdom ved å ta den utdanninga eg gjer, seier Ludvigsen.

AKTUELT NÅ