Hopp til innhold

Tar ektemannens etternavn

Wivi-Merethe Johannessen gjør som mange kvinner og tar mannens etternavn når hun gifter seg. - Undertrykking av kvinner, mener kvinnegruppen Ottar om navneskifte.

Wivi-Merethe Johannessen skal gifte seg, og da vil ho ta namnet til brudgommen.
Foto: Øystein Skotte / NRK

- Det å ta mannens etternamn er norske kvinners hijab, meiner Asta B. Håland i kvinnegruppa Ottar.

Ho er oppgitt over alle kvinnene som velger å ta mannen sitt etternamn når dei giftar seg.

Håland sit i landsstyret til Kvinnegruppa Ottar og meiner at tradisjonen med namneskifte er med på å hindre likestilling for kvinner i familien.

Fire av fem skiftar namn

Tradisjonen med å skifte namn er slett ikkje er svekka dei siste 15 åra, og det er kanskje ikkje heilt i tråd med oppfatninga om likestilling i samfunnet elles.

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser nemleg at det framleis er eit mindretal av kvinner som held fast på etternamnet når dei giftar seg.

Wivi-Merethe Johannessen vil ta namnet til mannen.
Foto: Øystein Skotte / NRK

Tradisjonelt

Ei undersøking frå 2003 blant gifte kvinner mellom 20 og 44 år viser at 46 prosent tok mannen sitt etternamn i tillegg til sitt eige, 34 prosent skifta til berre ektemannen sitt etternamn, medan 20 prosent heldt på sitt eige namn.

Og kvinner i Hedmark og Oppland er enda meir tilbøyelege til å velge tradisjonelt enn det dei er i Oslo.

- Kjærleiksrus?

- Likestillinga slår nok ikkje like sterkt inn på namn som på andre felt, trur namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen.

- Kanskje det er ei slags kjærleiksrus? At dei vil vera eitt med mannen? Kan hende er dette lettare å gå inn på for kvinnene enn for mennene, seier Utne. I likheit med mange andre undrar også han seg over dei tradisjonelle vala som kvinnene gjer.

Tek namnet til mannen

Det gjer ikkje Wivi-Merethe Johannessen i Brumunddal. Ho gifter seg laurdag 7. oktober og har for lengst bestemt seg for å ta etternamnet til mannen, Stein Vidar Hovde.

 

Wivi-Merethe Johannessen heiter snart Hovde.
Foto: Øystein Skotte / NRK

- Eg gler meg til å bytte namn, eg. Det høyrer liksom med når ein giftar seg. Det er fint å heite det same som familien, dei som betyr mest for meg. Dessutan har eg nå eit veldig langt namn, seier ho.

- Dessutan er det eit personleg val; eg har ikkje lyst til å bringe slektsnamnet mitt vidare. Og Hovde er eit fint namn, synest eg, seier Wivi som har to barn i lag med mannen sin – og dei heiter også Hovde til etternamn.

Godtek ikkje namneskifte

Asta Håland i kvinnegruppa Ottar er tydeleg på kva som hadde skjedd dersom dotter hennar kom heim og sa at ho skulle gifte seg og skifte ettenamn:

- Då hadde det blitt bråk. Eg trur ikkje det er nokon fare for at det skal skje, men det hadde blitt bråk.

Denne saken blir diskutert på ØstnyttMagasinet på NRK 1 torsdag klokka 18.40.

Flere saker fra Innlandet