Det er ikkje krav om klimaanlegg i bussar som køyrer lokale- eller skoleruter i Hedmark. Bussjåfør Gunnleif Dalen frå Folldal køyrer opptil 40 mil på eit skift.
- Alle sjåførar klager, så her bør noko gjerast, seier Dalen.
Han beskriv denne sommmaren som noko av det verste han har opplevd i karrieren sin, med 40 grader i bussen og store plager dagen etterpå.
- Både fylkeskommunen og arbeidstilsynet bør ta tak i problemet, meiner Gunnleif Dalen.
Forstår problemet
Fylkesråd Svein Borkhus har forståing for den vanskelege situasjonen. Men han meiner det er arbeidsgjevaren som har ansvaret.
- I denne varmen må dette bli eit problem både for sjåførar og passasjerar, seier Borkhus.
- Men i første rekkje er dette eeit arbeidsmiljøproblem sm selskapet har ansvar for overfor sine sjåførar.
- Kan det blir aktuelt å ta dette opp ved neste anbodsrunde?
- Eg reknar med at Hedmark trafikk har gjort seg erfaringar om slike forhold som dette, så det er naturleg om det blir tatt opp ved neste runde, seier Borkhus.