Hopp til innhold

Norsk lokalhistorie er i fare

Mange småmuseum får ikkje fast statleg støtte. Musea strevar difor med å forvalte gjenstandane sine og det er vanskeleg å gjere dei tilgjengelege for publikum.

Strilamuseet

Temaet for Strilamuseet er «Frå jord og fjord til dekka bord». Dette er ein del av avdelinga om fjord.

Foto: Johannes Rydland / Privat

Musea som ikkje er med i større museumssenter får ikkje fast statleg stønad. Strilamuseet er eit av musea som slit på grunn av dette. Museet har berre kapasitete til å halde ope tre timar kvar søndag.

– Dette er ei sommaravis for Nordhordland, viser Jan Thorsheim i Lindås Sogelag til NRK. I avisa er det rad på rad med annonser som skal lokke folk til musea som er med i Museumssenteret i Hordaland.

– Her skulle også Strilamuseet ha vore, men me er ikkje inne i det gode selskap. Det kan me berre drøyme om, seier Thorsheim.

Må vera med i regionale einingar

Strilamuseet

Frå utstillinga «Frå jord og fjord til dekka bord». Ei jente sveivar på separatoren.

Foto: Johannes Rydland / Privat

Lindås Sogelag driv Strilamuseet. Museet har rundt 6000 gjenstandar som dokumenterer regionen si lokalhistorie. Alt arbeid skjer på dugnad.

I 2000 blei den nasjonale museumsreforma vedteken, og den innebar at svært mange museum blei slått saman i større regionale einingar. I dag må ein vere med i ei slik eining for å få fast statleg stønad.

Samlingar som blir drive av frivillige slit. Tirpitz-museet i Tromsø er blant musea som slit . Førre veke varsla museet at dei kanskje må stenge.

– Det krev enormt mykje. Me har no kome opp på eit nivå som er så stor aktivitet, at me må tenke litt på framtida, seier Thorsheim ved Strilamuseet.

Vil unngå «gjennomprofesjonalisring»

– Det er om å gjere å finne gode løysingar der me klarer å ha dørene opne med eldsjeler, seier kultursjef Øyvind Stang i Lindås kommune.

Kommunen vil hjelpe Strilamuseet til å bli med i Museumssenteret i Hordaland, men håper å gjere det utan at museet blir «gjennomprofesjonalisert».

– Me skal finne ei god løysing saman med sogelaget og museumssenteret. Me må ta vare på eldsjelene og finne ein driftsmodell der det offentlege hjelp med tilrettelegging, slik at dei kan få gjere det dei har mest lyst til, seier Stang.

Vil bli eit døme for elles i landet

Og om samarbeidet fungerer som han håper, kan prosjektet i Nordhordland blir eit nasjonal føredøme.

– Det er ein modell som ein også har løfta opp nasjonalt og brukt som eit døme for samlingar elles i landet. Me er i starten på noko me håpar å få til, seier kultursjefen i Lindås kommune.