Av
Sigurd Hamre og
Egil Torheim
Vi er tilbake i kvardagen etter hektiske olympiske dagar framfor skjerm og høgtalar.
Kvardagsmat er igjen på menyen, og i dag serverer vi ei knakande god suppe - ei rotsuppe med selleri som hovudingrediens.
Sunn og god grønnsak
Sellerirot kan godt seiast å vera roten til alt godt fordi den er kjempesunn og innheld berre godsaker.
Folk kjenner den helst som smaksforsterkar, men den kan sjølsagt óg brukast som base. Til suppa vår gjer vi som følgjer.
Oppskrift på suppe
Finhakk 1 middels stor løk, 2-3 poteter og 200-300 gram sellerirot.
Ha ei spiseskei smør i ein kasserolle.
Ha i løken og la den bli blank før du har i potetene og sellerirota.
Tilsett 5 dl vatn og 1 buljongterning og la det heile koka i 8-10 minuttar.
Sil deretter av krafta - bruk ein stavmiksar eller handstaukar til å laga mos av løk, selleri og poteter.
Ha deretter i krafta.
Gje suppa eit raskt oppkok.
På toppen i tallerken strør du f.eks finhakka purreløk ev vårløk eller grasløk.
Server suppa med rista toast til.
Ein kraftig kvitvin smakar nydeleg til denne suppa.