skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 
Plutseleg stod Robert Post i døra til klasserommet. (Foto: Kjell Jøran Hansen)
Plutseleg stod Robert Post i døra til klasserommet. (Foto: Kjell Jøran Hansen)

Robert Post på heimebane

Tysdag fekk elevane i 7. klasse ved Langevåg skule i Sula spesielt besøk i musikktimen. Robert Øien Fylling gjekk på Langevåg skule sjølv når han var yngre. No er han blitt stjerne og er meir kjend som Robert Post.

Av Ivar Eidheim. Publisert 30.08.2005 12:33. Oppdatert 30.08.2005 19:51.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Elevane i 7. klasse ved Langevåg skule i Sula har jobba med eit spesielt prosjekt. Dei er delt inn i grupper som har valt kvar sin yndlingsmusikar dei skal skrive om.

Sjølvsagt valde eine gruppa Langevåg si nyaste store stjerne, Robert Post, som for tida gjer furore på hitlistene både i England og her heime. Tysdag kom han på besøk i musikktimen!

– Gøy å vere popstjerne

Elevane hadde førebudd seg og laga spørsmål dei skulle stille til helten når han kom, og plutseleg stod han der. Robert Post smilte og svarte så godt han kunne. Mellom anna fortalde han at han truleg har spelt 500-600 konsertar og at han har skrive mellom 200 og 300 songar som han har tatt vare på og kan spele.

– Ja, det er gøy å vere popstjerne. (Foto: Kjell Jøran Hansen)
Eitt av spørsmåla var om det er gøy å vere popstjerne.
– Ja, det er veldig gøy å få drive på med det som ein likar best, men eg har ikkje fått føle så veldig popstjernetilveret enno, svarte Post.

– Gode spørsmål

Han fekk likevel prøve det litt då han skreiv autografar etterpå. Han syntest han fekk mange gode spørsmål frå elevane.
Robert Post skreiv autografar til elevane. (Foto: Kjell Jøran Hansen)
– Det var mange spennande spørsmål som eg vanlegvis ikkje får frå journalistar, og det kan vere litt kjekt det også, sa Robert Post.

Det store høgdepunktet var då Post på sparket spelte slageren sin, "Got None", for elevane.
Høyr og sjå kva som skjedde!



Høgdepunktet på besøket var då Robert Post song slageren sin "Got None" for elevane.(Foto: Kjell Jøran Hansen)

Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no