|
Bjørn Helge Riise |
Riise-saka blir torsdag slått stort opp i alle media. Bakgrunnen er at Aalesunds Fotballklubb har varsla at dei kan kome til å kreve opp til 1,3 millionar kroner for Bjørn Helge Riise, dersom han går til Cardiff.
Fotballagent og mor, Berit Riise, har varsla søksmål mot AaFK, dersom det medfører at overgangen går i vasken.
Styreleiar i AaFK, Arne Aambakk, stadfestar at dei vil undersøke om dei har rett på ein utdanningskompensasjon for Riise, men avviser at klubben har kome med noko krav.
Torsdag morgon var Aambakk gjest i morgonsendinga i NRK Møre og Romsdal.