Solbakken er saman med Kjetil Andre Aamodt, Lasse Kjus, Truls Ove Karlsen, Aksel Lund Svindal og Hans Petter Buraas teken ut på det norske VM-laget. I tillegg blir det tatt ut ein løpar til etter verdscupslalåmrennet i Schladming seint i morgon kveld.
Nummer 20 i Kitzbühel
I verdscupen i Super-G i Kitzbühel i dag blei Bjarne Solbakken frå Stranda nummer tjue. Hermann Maier frå Austerrike vann, med fire landsmenn på dei neste plassane. Best av dei norske blei Kjetil Andre Aamodt på niandeplass. Rennet blei køyrd i vanskelege forhold, med nedbør og dårleg sikt.