| |
Televik 300 A-kamparHødd-veteranen Geir Televik spelar sin kamp nummer 300 for klubben frå Ulsteinvik i cupen midt i veka. Televik har vore plaga med skade igjen, men var på bana då Hødd spelte 2-2 mot Fredrikstad søndag. Publisert 05.05.2003 13:06. Oppdatert 05.05.2003 13:27.
Frå Tornado Geir Televik debuterte for Hødd i 1993-sesongen. Han kom frå Måløy-klubben Tornado. Han spelte for Hødd fram til og med 1996-sesongen før han var to år i Molde for det meste som innbyttar. I 1998 vart han utlånt til Hødd i ein fem-kamparsperiode, og i 1999 var han tilbake i klubben. Mot slutten av den sesongen der Hødd rykte ned var han også utlånt til Aalesunds Fotballklubb.
Det vart aldri ein permanent overgang til rivalen i byen, og Televik har etablert seg i Hødd-trøya for godt. Ifjor hadde han ein av sine aller beste sesongar.
Ryggskade Ein ryggplage har trua fotballkarrieren til 31-åringen, og sette han ut av laget i opningskampane i 1.divisjon i år. Men mot FFK søndag var han på plass igjen. Dersom ryggen ikkje har slått seg vrang igjen spelar Televik sin A-kamp nr. 300 for Hødd i cupkampen onsdag på Høddvoll.
Storscorar Geir Televik har tatt toppscorartittelen i klubben fire gongar, seinast i fjor. Han vart toppscorar i 1993, 1995, 1996 og 2002. PÅ sine 299 A-kampar har han scora heile 147 mål for klubben.
Siste saker:
Siste saker:
|
|
|
| |
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|
|
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
| |
|
|