skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Endeleg Hødd-siger i Horten ?

Andre Nevstad tilbake
Andre Nevstad tilbake
Hødd kan ta eit viktig steg bort frå botnstriden ved å vinne over Ørn i Horten søndag. Men dei blåkvite frå Ulsteinvik har hatt problem med å vinne i Vestfold-byen.
Hødd har fire spelarar tilbake frå karantene, landskamp og skade, medan stoppar Sindre Eid må stå over denne gongen.

Av Arne Flatin. Publisert 22.08.2003 09:00. Oppdatert 22.08.2003 09:20.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:

Ørn på botnen

Ørn Horten er førebels godt plassert heilt på botnen av 1.divisjonstabellen saman med Alta. Med siger over Hødd kan Ørn få trua på at dei kan berge plassen. Difor er det ekstra viktig for Høddarane å halde bruntrøyene frå Vestfold langt bak seg på tabellen.

I fjor vart det 0-0 mellom dei to laga, medan Hødd tapte heile 5-0 for to år sidan. Og ein sugen lagkaptein Andre Nevstad som er tilbake for fullt etter skade seier det no er på tide med ein trepoengar i Horten.

Sterk kvartett tilbake

I tillegg til Nevstad er også Magnus Myklebust, Dag Roar Ørsal (bildet) og Geir Televik tilbake på laget, medan Sindre Eid må sone for gule kort. Nevstad meiner laget er sterkare no enn mot Fredrikstad sist helg.

Nevstad seier at meniskoperasjonen han tok har vore vellykka, og at det no er opp til han sjølv å stole på at kneet er i orden. Han prøvde seg dei fem siste minutta mot Fredrikstad sist helg, men etter ei god treningsveke er han trygg på at beinet skal halde.


Siste saker:
Flere saker: ALT OM HØDD
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE
Siste saker:

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no