skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

Nye verdscuppoeng til Solbakken

Bjarne Solbakken endte på 13.plass i søndagens storslalåm i Alta Badia i Italia.

Publisert 22.12.2003 07:37. Oppdatert 22.12.2003 14:41.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Solbakken køyrde seg kraftig opp etter ein svak 1.omgang. Strandakøyraren fekk dermed ein 12., ein 13. og ein 23. plass i verdscuprenna denne helga, og det er Solbakken fornøgd med.
-Totalt sett er eg ganske bra fornøgd med helga. Eg fekk ikkje full klaff i noko av dei tre siste renna, men er jamt med og plukkar poeng, så det er positivt, seier Solbakken.

Gjer det bra samanlagt

Solbakken gjer det også bra samanlagt i verdscupen. Etter denne helga ligg han på niandeplass.
-Eg har konsentrert meg om å gjere det bra i enkeltcupane, men gjer eg det bra der blir det også bra samanlagt.

Den gode køyringa i det siste har også gjort at han har fått merke ei auka merksemd rundt han som person. Fleire kjenner namnet hans når han køyrer. Men ut over det meiner Solbakken at han ikkje har merka så stor forskjell.

Jul i Austerrike

Bjarne Solbakken skal feire jul i Austerrike i år.
I år blir det julefeiring i Salbach i Austerrike for Bjarne Solbakken. Her skal han vere fram til renna i Bormio i romjula. Andre juledag startar han med utfortrening, og med det er alpintsirkuset i gang igjen.

Siste saker:
Siste saker:
Flere saker: ALT OM SUNNMØRE

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no